Historisk arkiv

Regjeringa satsar på bustadpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenbladet 05.08.2009.

Anna Steen kjem i Aftenbladet tysdag med skuldingar om at regjeringa ønskjer å utarma svake grupper. Så langt eg kan forstå grunngjevinga, meiner ho mellom anna at det skuldast bustadpolitikken og kommunal eigedomsskatt.

Eg  kjenner meg ikkje att i det biletet som vert teikna. Tvert om meiner eg det er all grunn til å vera nøgd med  den raudgrøne regjeringa sin innsats for å styrka dei bustadsosiale verkemidla.

Etter tiår med aukande bustadprisar og kraftig utbygging, er merksemda snudd. Alt dreier seg ikkje lenger om å henta gevinstar ut av bustadmarknaden. Det er fleire forklaringar på dette:

  • Ny bustøtte frå 1. juli 2009. Om lag 50 000 fleire vanskelegstilte husstandar vil koma inn i ordninga, ei ordning som frå før omfattar 100 000 husstandar. Styrkinga vil vera til stor hjelp for dei som slit med låge inntekter og høge buutgifter. 10 000 nye barnefamiliar og 40 000 åleinebuande og par utan barn vil få høve til ein meir trygg heim.
  • Fleire utleigebustader. I Noreg har vi tradisjon for å eiga bustadene våre. Eg trur ikkje auka bruk av kommunal eigedomsskatt vil endra på det, slik Steen hevdar. Derimot har det vore naudsynt å byggja ut ein større offentleg utleigesektor. Det å eiga sin heim gir mange fordelar. For dei fleste er tryggleiken ved å ha sitt eige det viktigaste argumentet for å vera bustadeigar. Difor er regjeringa oppteken av å hjelpa flest mogleg inn på bustadmarknaden. I år har vi sett av midlar til 3 000 nye kommunale utleigebustader for vanskelegstilte. Det er den største satsinga på utleigebustader nokon gong!
  • Startlån. I fjor fekk 6 500 hushald startlån gjennom kommunane. Meir enn halvparten flytta frå leigd bustad og for første gong inn i sin eigen eigde heim.

Steen hevdar også at ny husleigelov frå 2010 vil ha katastrofale følgjer. Sjølve vedtaket er gjort for ti år sidan. Bebuarane har såleis visst om dette i mange år. Ikkje alle klarer handtera gjengs leige. Eg er difor svært nøgd med at eit eige tilskot, ei eiga statleg og kommunal bustøtte, er på plass for dei mest vanskelegstilte. Om lag 1500 husstandar vert hjelpte av denne avtalen mellom regjeringa og Oslo kommune.   

Eigen bustad er ein grunnleggjande føresetnad for å kunna fungera i samfunnet, anten det gjeld i arbeidslivet eller på andre arenaer som gir livet meining.

Sjølvsagt har vi meir å gjera. Men dei tiltaka eg har peika på er gode døme på ein moderne bustadpolitikk som vil få endå fleire menneske i hus. Til Steen sine påstandar om jaging og truing til eigedomsskatt, er dei feil. Eigedomsskatten er ein friviljug skatt for kommunane. Slik er det.