Historisk arkiv

Omlegging til beste for Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget sto på trykk i Aften 09.06.2010.

- Oslo har særskilde utfordringar, som me no tek meir omsyn til.

Oslo har særskilte utfordringar og mulegheiter som storby. Regjeringa har difor lagt fram eit forslag til inntektssystem for kommunane som betre tek vera på dei behova Oslo har. Hovudstaden får med det ein auke i inntektene sine neste år.

For Oslo betyr ei slik justering, som ikkje har funnen stad sidan midten av 90-tallet, betre mulegheiter til å gje innbyggjarane eit godt tilbod.

Fangar opp levekår
Ein av dei største skilnadene på det nye og det gamle systemet, er at me no betre fangar opp ulikskap i sosiale tilhøve og levekår.

Med den varsla endringa vil staten kompensere for at Oslo har lågare levealder og høgare del fattige, flyktningar, innvandrarar enn gjennomsnittskommunen.

Det er ei krevjande øving å skulle endre på inntektssystemet for kommunane. Men det var nødvendig med omfattande endringar no. Systemet skal sikre at innbyggjarane landet rundt får likeverdige kommunale tenester, uavhengig av kva det kostar å drive kommunen. Sjølv om utfordringane er ulike, skal altså innbyggjarane oppleve likeverdigheit.

Oslo kjem betre ut
Så vil nok byrådet i Oslo, der Høgre og Fremskrittspartiet sit, kritisere oss for å fjerne hovudstadstilskotet og redusere skattedelen av dei kommunale inntektene. Men sanninga er at Oslo totalt sett kjem betre ut med dei grepa me no tek.

Me fjernar delar av hovudstadstilskotet, som berre Oslo har nytt godt av, og innfører eit storbytilskot. Det gjer me fordi me ser at også storbyane Bergen, Trondheim og Stavanger har utfordringar knytt til urbanitet og høg konsentrasjon av befolkning. Saman med Oslo får alle desse det nye tilskotet.

I tillegg beheld Oslo den delen av hovudstadstilskotet som er knytt til barnevern.

Reduserer skilnader
Å redusere skattedelen av inntektene vil aldri vere populært hos ein kommune som har skatteinntekter over landsgjennomsnittet, slik Oslo har. Men dette gjer me fordi dei store inntektsskilnadene i skatteinntekter mellom kommunane er den største årsaka til ulikt tenestetilbod i kommunane. Difor er det rett å redusere dei kommunale inntektene som kjem frå skatt og gje meir av inntektene som rammetilskot frå staten.

Det gir likeverdig tenester i heile landet.

Når kommunen totalt sett tener på endringane, meiner me det er forsvarleg å redusere Oslo sine skatteinntekter.

Oslo har særskilde utfordringar, som me no tek meir omsyn til. Eg er viss på at det vil setje byen og innbyggjarane enda betre i stand til utnytte dei mulegheitene og det mangfaldet som kjenneteiknar ein spennande hovudstad.