Historisk arkiv

Solid lyft for den sosiale bustadpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Roggalands Avis 03.03.2010.

I eit innlegg i Rogalands Avis 1. mars kritiserer fylkessekretær Anna Steen i Pensjonistpartiet i Rogaland regjeringa for å ha lova meir enn ho har halde innanfor den sosiale bustadpolitikken i 2009.

Steen kritiserer særleg resultata knytt til dei nye reglane for bustøtte, som vart sette i verk 1. juli i fjor. Ho peiker på at talet på nye bustøttemottakarar er lågare enn regjeringa la til grunn, og at bustøtta heller ikkje med dei nye reglane er til hjelp for alle med låge inntekter i høve til bustadutgiftene.

Det er nyttig å få tilbakemeldingar på korleis bustøtta verkar. Det vil eg ta med meg vidare. I dømet som Anna Steen viser til i sitt innlegg, er årsaka til avslaget på bustøtte at inntekta er for høg. For dei som eig bustaden, blir både renter, avdrag og gebyr på bustadlån godkjende som buutgifter. Pensjonistar kan i tillegg få 6 000 kroner til bustadutgiftene for utgifter til oppvarming, om oppvarming ikkje blir betalt gjennom felleskostnadane.  

Tala fortel at regjeringa ga den sosiale bustadpolitikken eit solid løft i 2009. Aldri før blei det utbetalt så mykje frå Husbanken i lån, tilskot og bustøtte. Husbanken ga lån for 16 milliardar kroner og tilskot til etablering av 2400 kommunale utleigebustader, ei auke på 150 prosent. Talet på tilskot til etablering av sjukeheimar og omsorgsbustader blei nær dobla til 2000 einingar. Det vart utbetalt 2,7 milliardar kroner i bustøtte, ei auke på 280 millionar kroner frå året før. Den gjennomsnittlege månadlege utbetalinga til kvar mottakar auka frå 2000 til 2200 kroner. I 2010 er løyvinga til bustøtte auka monaleg 3,6 milliardar kroner.

Utgreiingar synte at med dei nye, utvida reglane i bustøtta så ville truleg om lag 50 000 nye husstandar kunne kome inn i ordninga i dei nærmaste åra. Så langt har 14 500 nye husstandar kome til, og 2000 nye kjem no til kvar månad.

Regjeringa ynskjer at flest muleg av dei som no kan få bustøtte, blir gjort kjend med dei nye reglane. Utfordringa er at mulege mottakarar kan vere vanskelege å nå gjennom vanlege informasjonskanalar. Både Husbanken og kommunane gjorde mykje godt arbeid med å informere om bustøtta etter endringa av reglane i fjor. Det arbeidet må halde fram. I februar gjennomførte Husbanken ein ny, stor kampanje for å få ut informasjon om dei nye reglane.

Eg vil oppmoda kommunane om å halde fram med det aktive arbeidet med å informere om bustøtta. I tillegg oppmodar eg folk med låge inntekter og høge utgifter til bustad om å søkje bustøtte. I det høvet kan bustøtte-kalkulatoren på Husbanken sine heimesider bli nytta for å sjå om ein kan få støtte. Meir detaljert informasjon om reglane får ein ved å ta kontakt med kommunen.