Historisk arkiv

Innlegg sendt til Aftenposten

Distriktspolitikken: Ei suksesshistorie

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Noreg hadde vore eit anna og mindre vellukka land utan 50 år med aktiv distriktspolitikk, skriv statsråd Liv Signe Navarsete i dette innlegget.

Noreg hadde vore eit anna og mindre vellukka land utan 50 år med aktiv distriktspolitikk. I dag og i morgon markerer Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) at det er 50 år sidan Distriktenes Utbyggingsfond (DU) blei etablert.

Vellukka politikk
Norsk distriktspolitikk har vore vellukka. Difor kallar me jubileumskonferansen på Voss «Kunsten å byggje landet». Utan ei medveten haldning om at det skal vere muleg å arbeide og bu over heile landet, hadde Noreg vore fattigare på så mange måtar. Det nok å sjå på utviklinga i store område i nabolanda våre.

Som for 50 år sidan treng me også i dag ein tydeleg og aktiv distrikts- og regionalpolitikk. Det gjev framleis meining å snakke om balansert utvikling, likeverdige tenester, gode lokalsamfunn, lokal vekstkraft, og verdiskaping.

Mykje av dette har vore og er framleis politisk fellesgods. Ja, heilt sidan 1814 har det vore brei semje om at geografi, næringsstruktur og busetnad er politiske faktorar som ingen kan oversjå i eit folkestyrt Noreg. Etter 1945 har ein sterk distrikts- og regionalpolitikk vore sjølvsagt i arbeidet med å modernisere og utvikle landet.

Men semje om overordna mål er ikkje det same som semje om konkret politisk handling. Sjølvsagt ikkje. Me har ulik politisk ståstad, og me vel verkemiddel basert på dette. Og kanskje endå viktigare i Noreg, me har ulik geografisk ståstad. Me ser noko anna frå nord enn frå sør, aust eller vest. Ein mindre stad har andre utfordringar enn ein by. Pressområde treng noko anna enn stader der det er lengre mellom naboane. 

Dette er legitime skilnader og konfliktar. Handteringa av dei påverkar utviklingstrekk. Desse trekka vil igjen påverke korleis samfunnet sikrar og fordeler avkasting av den totale verdiskapinga.

Det starta i nord
Distriktspolitikken som moderne omgrep vaks fram i nord. Landet skulle bli gjenreist etter andre verdskrig. Også då snakka politikarar og forskarar om regional ubalanse og behov for å styre utviklinga.

Det kulminerte med at Nord-Noreg-planen frå 1951 i 1961 blei vidareutvikla til DU. Eit samrøystes Storting stilte seg bak. Heile landet skulle ta del i industrialiseringa. Distriktsutbygging var lenge det same som vekstpolitikk.

Denne haldninga blei etter kvart utfordra. Den borgarlege regjeringa som kom i 1965, med Per Borten frå Senterpartiet som statsminister, gjorde debatten meir nyansert og styrka distriktspolitikken. Situasjonen på den svenske landsbygda spela inn i ordskiftet.

Verkemiddel som lever
Inn mot 70-talet kom verkemidla inn for fullt i distriktspolitikken. Selskapet for industrivekstanlegg, SIVA, som framleis er viktig for eit sterkt næringsliv i distrikta, blei danna i 1968.

På 70-talet fekk me og ein finmaska flyplasstruktur. Det var ein revolusjon når det gjaldt å redusere kostnader og reisetid for privatreisande og næringsliv. Dei regionale høgskulane blei sentrale kunnskapsbasar utanfor dei største byane.

I 1975 kom sjølve juvelen i krona av verkemiddel, den differensierte arbeidsgjevaravgifta. Ordninga var epokegjerande. Ho var og er næringsnøytral og sikrar alle arbeidsplassar innanfor det distriktspolitiske verkeområdet automatisk lågare avgift.
Ikkje rart me er glade for at ordninga blei gjeninnført av den raudgrøne regjeringa i 2007, etter at EU hadde stogga ho for ei stakka stund.

I nokre år var distriktspolitikken prega av politiske moteretningar, tru på mindre statsstyring og periodevis nedbygging.

DU blei slått saman med Industrifondet, Industribanken og Småbedriftsfondet som Statens Nærings- og Utviklingsfond (SND) i 1993. Ansvaret blei flytta frå KRD til Næringsdepartementet. Gjennom nye fusjonar blei Innovasjon Noreg (IN) oppretta i 2004.

Ny satsing i 2005
Med den raudgrøne regjeringsskiftet i 2005 kom det ei ny satsing på distrikt og regionar. Me satsar på næringsliv, innovasjon og entreprenørskap. Samferdsleløftet og kunnskapspolitikken står sentralt. Me ser kultur, næring og lokalsamfunnsutvikling i samanheng.

Det er også viktig for utvikling og likeverdige tenester over heile landet at me har styrkt kommuneøkonomien, auka landbruksinntektene og satsar på kommunale næringsfond og næringshageprogram.
Og ikkje minst er me opptekne av at det einskilde menneske skal få armslag i lokalsamfunnet. Inkludering og mangfald vil vere sentralt i ein moderne distriktspolitikk.

Føresetnad for velstand
Nokre gjer ein sterk distrikts- og regionalpolitikk til eit problem. Men å gje folk fridom til å busetje seg der dei ynskjer, er ikkje noko trugsmål mot nasjonal velstand. Det er snarare ein føresetnad. Difor er denne fridomen eit overordna mål i distrikts- og regionalpolitikken.

Me har bygd velstanden vår på kunnskapsrik forvalting av store naturressursar og ved å sikre likeverdige levekår og godt tenestetilbod over alt. Det har vore og vil framleis vere ein styrke i det norske samfunnet at me brukar heile landet.

Utfordringa no er å fornye måten me brukar landet på. Framtidig suksess føreset attraktive arbeidsplassar i levande lokalsamfunn – også utanfor pressområda.

Ambisjonen er at heile landet skal få sin del av veksten innan det me kallar kunnskapsintensive næringar. Høgt utdanna menneske må finne arbeidsplassar og mulegheiter utanfor pressområda. Så må desse nye næringane spele på lag med tradisjonelle næringar og den kunnskapen og tradisjonen dei representerer.

Moderne politikk
Uansett kvar eg kjem i landet, møter eg menneske med idear, pågangsmot og entusiasme. Ein moderne distrikts- og regionalpolitikk handlar ikkje om subsidiar til trengande. Ein slik politikk legg til rette for at desse initiativrike menneska får bidra til verdskaping og velstand i eit heilt Noreg.

For meg er dette eit like mykje eit verdispørsmål som ei politisk sak. I urolege tider, slik me opplever no, er det avgjerande at me tek vare på våre eigne ressursar og forvaltar dei på ein måte som tener framtida. Det krev sjølvsagt innsats på mange politikkområde og på mange hald. Ein effektiv og fleksibel distriktspolitikk er definitivt blant desse.