Historisk arkiv

Nasjonal erfaringskonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

18. juni samla Saman om ein betre kommune i underkant av 400 deltakarar til erfaringskonferansen ”Spor endringar” i Oslo.

Til konferansen hadde kommunalministeren invitert helseminister Jonas Gahr Støre til ein samtale om kva grep kommunane må ta for å møte framtidas utfordringar, og korleis staten kan leggje til rette for innovasjon i helse- og omsorgssektoren.
Til konferansen hadde kommunalministeren invitert helseminister Jonas Gahr Støre til ein samtale om kva grep kommunane må ta for å møte framtidas utfordringar, og korleis staten kan leggje til rette for innovasjon i helse- og omsorgssektoren. (Camilla Bendixen)

 

18. juni samla Saman om ein betre kommune i underkant av 400 deltakarar til erfaringskonferansen ”Spor endringar” i Oslo.


Eit fjell av flaks

- I Noreg står vi på toppen av et fjell av flaks. Vi er omlag rikast i verda, samstundes som vi har minst ulikskap. Korleis sikrar vi denne velferda i framtida, spurde Simen Markussen frå Frischsenteret, som var først ut på det faglege programmet.

NOVA-direktør Kåre Hagen har leia utvalet som arbeida med NOU 2011:11 Innovasjon i omsorg, som no er følgt opp med stortingsmeldinga ”Morgendagens omsorg”, som vart lagt fram i april. Han var invitert til å snakke om innovasjon i kommunesektoren, og kva som står i vegen for at kommunane skal våge å vere innovative.

I følgje Hagen er det vanskeleg å lukkast med innovasjonsarbeid utan at vi også veit litt om kreftene som trekk i motsatt retning Det er ein ryggmargsrefleks hjå dei fleste å stritte imot når ein vert presentert for noko nytt og ukjent.

- Språket vårt er fattig når det gjeldordtak om korleis ein lukkast, medan det finst mange døme på ordtak som tek føre seg korleis ting ofte ikkje går som planlagt. ”Den som intet våger, intet vinner”, er såleis eit heiderleg unntak, og eit godt råd til kommunar som skal arbeida med innovasjon, sa Hagen.


Støre med vekt på innovasjon

Kommunalministeren hadde invitert helseminister Jonas Gahr Støre til ein samtale om kva grep kommunane må ta for å møte framtidas utfordringar, og korleis staten kan leggje til rette for innovasjon i helse- og omsorgssektoren.

Ein optimistisk helseminister minna forsamlinga om at sjølv om dei demografiske endringane inneber voldsomme omveltingar for kommunane dei neste åra, vil endringsarbeidet også ha positive ringverknader. Kommunane vil måtte finne smartare måtar å arbeide på, og ta i bruk ny teknologi. Behovet for arbeidskraft vil gi fleire heile stillingar, og fleire heiltidstilsette vil vonleg gje lågare sjukefråvere.


Menneske og teknologi hand i hand

Kommunalministeren understreka at innovasjon ikkje berre handlar om teknologi, men også om korleis ein organiserar seg.

-  Den beste måten å drive kommunalt, framtidsretta utviklingsarbeid på er å arbeide på tvers. Tillitsvalde, tilsette, administrasjon og politikarar må setje seg ned og definere sin situasjon. Det hjelper ikkje med flott programvare og teknologiske løysingar dersom menneska ikkje er med. Pårørande, føresette og frivillige organisasjonar må inkluderast i videreutviklinga av tenestene, sa Navarsete.


Innsats mot bustadløyse i Nøtterøy

Dette vart ytterlegare understreka av Kommunaldirektør for helse og sosial i Nøtterøy kommune, Karen Kaasa. I Nøtterøy har dei oppretta ei eiga innovasjonseining, og Kaasa var invitert for å snakke om korleis kommunen arbeidar med innovasjonsarbeid i praksis.

Vi fekk høyre fleire eksempel, mellom anna ein video om sjølvbyggjarprosjektet Fra bostedsløs til herre i eget hus, kor kommunen har bygd små, trygge bustadar for rusavhengige. I tillegg til ein betre busituasjon har prosjektet gjort bebuarane meir aktive og inkludert dei i eit fellesskap kor dei opplever tryggleik, ansvar og sjølvbestemming. Prosjektet fekk Husbankens pris for beste tiltak mot bustadløyse i 2011.

Leiardebatt, f.v.: Kommunalminister Liv Signe Navarsete, Jan Davisen frå Fagforbundet, Mette Gundersen frå KS, Erik Kollerud frå Delta, Anders Kvam frå Akademikerne Kommune og Ragnhild Lied frå UNIO Kommune.
Leiardebatt, f.v.: Kommunalminister Liv Signe Navarsete, Jan Davisen frå Fagforbundet, Mette Gundersen frå KS, Erik Kollerud frå Delta, Anders Kvam frå Akademikerne Kommune og Ragnhild Lied frå UNIO Kommune. (Camilla Bendixen)


Leiarsamtale

Det vart også tid til samtale mellom leiarane i partane i Saman om ein betre kommune. Leiar i YS kommune, Erik Kollerud var opptatt av behovet for meir arbeidskraft.

- For å tiltrekkje oss dei rette hovuda er vi nøydde til å gjere ting på en annan måte. Forma på leiing er viktig, og då er partssamarbeid helt essensielt. For å gjere oss attraktive må vi dessutan bli mykje flinkare til å drive omdømmearbeid og fremme gode eksempel, sa Kollerud.

Leiar i Fagforbundet, Jan Davidsen, var oppteken av deltidsproblematikken, og kalla mangelen på heile stillingar i kommunal sektor ei forferdeleg sløsing med fellesskapets ressursar. Heile stillingar er noko også Statsråd Navarsete var oppteken av.

- Situasjonen til dei som er unge og nyutdanna er at dei har studielån å betene, treng bustad og ynskjer å bruke kompetansen deis it inne med. Då seier det seg sjølv at dei ikkje tek til takke med ein 53 prosent stilling. For brukarane av dei kommunale tenestene betyr heile stillingar meir stabilitet i tenestene, sa kommunalministeren.