Historisk arkiv

På veg mot heiltidskulturen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Rapport frå Time kommune

I ein rapport summerar Time kommune kva tiltak dei har iverksett for å skape ein heiltidskultur og redusere omfanget av uønska deltid. Rapporten tek utgangspunkt i Fafo-rapporten “Hvordan kan kommunene tilby flere heltidsstillinger?”, kor Time kommune var ein av arbeidsstadane som vart undersøkt.

I ein rapport summerar Time kommune kva tiltak dei har iverksett for å skape ein heiltidskultur og redusere omfanget av uønska deltid. Rapporten tek utgangspunkt i Fafo-rapporten “Hvordan kan kommunene tilby flere heltidsstillinger?”, kor Time kommune var ein av arbeidsstadane som vart undersøkt.


Frå januar 2008 til desember 2010 arbeidde Time kommune med heiltid- og deltidsstillingar og turnusproblematikk i Fulltidsprosjektet. Eit nytt prosjekt, kalla "Heiltid – deltid, alternative arbeidstidsordningar" starta opp i januar 2012, og er knytt opp til Saman om ein betre kommune. Last ned rapporten "På veg mot heiltidskulturen - Heiltid ein rett – deltid ei moglegheit?" her.

Godt i gang med temadagar
Før jul vart den første av tre temadagar som tenesteområde omsorg skal ha framover gjennomført i kommunen. Målgruppa er tillitsvelde, verneombod, tenesteleiarar, verksemdleiarar og politikarar. Dei neste to samlingane i kommunen er lagde til februar 2013 for alle tilsette i tenesteområde Omsorg. Ambisjonen er at alle skal få ein felles plattform å starte endringsarbeid frå.

 

Representantar frå Time kommune på nettverkssamling i Saman om ein betre kommune
Prosjektleiar i Time kommune, Margreta Hauge Clementsen (foto: Bjørn Pettersen).

Under temadagen var Irene Grastveit leigd inn for å halde inspirasjosnsforedrag. Tema for foredraget var haldningar til endring og det å vera i endring. Grastveit snakka om motivasjon, informasjon og det å tora å ta ein sjanse. Korleis våga å vere på fleire arbeidsplassar og tora å ta utfordringar sett i forhold til nye måtar å arbeida på.

- Irene Grastveit gav oss ei vitaminsprøyte av inspirasjon til å gå vidare med arbeidet med Heiltidskulturen og alternative arbeidstidsordningar - og ikkje minst motivasjon til å tore ta nokre sjansar, seier ein godt nøgd prosjektleiar for Saman om ein betre kommune i Time, Margreta Hauge Clementsen.

I Time kommune har dei gjort endringar i arbeidstidordningar i omsorg. Fleire endringar er under planlegging.

- Time er på vei - pila  er på vei oppover og vi ønskjer å fortsette å bygge større stillingar framover, avsluttar Clementsen.