Historisk arkiv

Kongeparets 75-årsdagar i 2012 - gåve frå regjeringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringas gåve til DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja til 75-årsdagane deira 21. februar og 4. juli i 2012 vil vere utstillingar basert på dei kongelege samlingane. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett til gåva.

Regjeringas gåve til DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja til 75-årsdagane deira 21. februar og 4. juli i 2012 vil vere utstillingar basert på dei kongelege samlingane. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett til gåva.

- Dei kongelege samlingane inneheld mange objekt med høg kunst- og kulturhistorisk verdi, samstundes som dei representerer viktige hendingar og trekk ved heile den norske historia, seier kulturminister Anniken Huitfeldt. - Kongeparet har ved å gjere Slottet og andre kongelege eigedomar opne for publikum vist at dei legg stor vekt på å dele dei flotte samlingane med folket. Regjeringa er glad for å kunne planleggje ei gåve som kan gi både Kongeparet og folket høve til å sjå både prydgjenstandar og kvardagsobjekt frå det kulturhistoriske skattkammeret som samlingane representerer, seier kulturminister Huitfeldt.

Kulturdepartementet har gitt Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i oppdrag å utarbeide utstillingane. Det vil vere ei større hovudutstilling i Oslo som blir opna til H.M. Kongen sin fødselsdag i februar 2012, men også fleire utstillingar i andre delar av landet, og vandreutstillingar over heile landet frå 2012 til 2014.

Løyvinga skal nyttast til planlegging, produksjon og visning av utstillingane, inkludert naudsynt konservering av gjenstandar.