Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2013:

Auke i produksjonstilskotet i 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

Produksjonstilskotet til avisene er, i tillegg til fritaket for meirverdiavgift, det viktigaste verkemiddelet for å halde oppe mangfaldet i avisutgjevingar, både geografisk og når det gjeld innhald og verdiforankring.

Avisbransjen gjennomgår ei omstilling til ein digitalisert mediemarknad. Regjeringa ser det som viktig å bidra til ei vellukka omstilling i bransjen, for å sikre at avisene kan halde oppe si demokratiske rolle som arena for samfunnsdebatt og produsentar av kvalitetsjournalistikk.

Regjeringa vil vidareføre målsetnaden om eit betydeleg statleg bidrag til mediemangfald. Etter ein auke i 2006 har det vore ein realnedgang i midlane til produksjonstilskot. Regjeringa vil difor auke produksjonstilskotet med 20 millionar kroner til i alt 307,9 millionar kroner i 2013.

Kulturdepartementet vil, i samarbeid med Finansdepartementet, ta kontakt med ESA for å drøfte handlingsrommet for korleis mediestøtta skal bli utforma for framtida.