Historisk arkiv

Skog: Enklare regler for skogfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Skog: Ny forskrift om skogfond, tidligare skogavgift, er sendt på høyring. Reglane, som tidlegare var spreidd på fem forskrifter er nå samla i ei forskrift.

Skog: Enklare regler for skogfond

Skog: Ny forskrift om skogfond, tidligare skogavgift, er sendt på høyring. Reglane, som tidlegare var spreidd på fem forskrifter er nå samla i ei forskrift. Det blir foreslått at skogeigarane kan auke satsen for innbetaling av skogfond i løpet av året.
 

Den nye lova om skogbruk (skogbrukslova), som blei fastsett 27. mai 2005, skal tre i kraft frå 1. januar 2006. I §§ 14-16 er det gitt føresegner om skogfond mv., som kjem i staden for føresegnene om skogavgift mv. i den gjeldande skogbrukslova. Det er derfor nødvendig å lage nye utfyllande reglar på dette området.

Høyringsutkastet inneber at ein framover berre skal ha ei forskrift om skogfond, medan det etter gjeldande skogbrukslov er 5 forskrifter knytt til skogavgift og rentemidlane av inneståande skogavgift. Høyringsutkastet er slik sett eit forenklingstiltak. Satsane for innbetaling til skogfond vil såleis etter dette gå fram av den samla forskrifta og ikkje bli fastsett kvart år. Reglane er elles òg noko nedkorta, og justert i høve til gjeldande praksis og nye system for kontoføring.

Departementet opnar for at ein skogeigar innafor same kalenderår skal kunne auke satsen for innbetalinga av skogfond også etter at avsetjinga er registrert og berekna. Dette er nytt i høve til tidlegare.

Departementet har satt fristen for innspel frå høyringsinstansane til
12. desember 2005

Skog: Ny forskrift om skogfond er sendt på høyring. Reglane, som tidlegare var spreidd på fem forskrifter er nå samla i ei forskrift.