Historisk arkiv

Bioenergi: Biobrensel for 30.000 bustader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Bioenergi: Fylkesmannen i Hordaland har rekna ut at det er mogleg å hente ut 320 GWh frå Hordalandsskogane på to - tre år. Det kan dekkje varmebehovet for 30.000 bustader.

Bioenergi: Biobrensel for 30.000 bustader

Bioenergi: Fylkesmannen i Hordaland har rekna ut at det er mogleg å hente ut 320 GWh frå Hordalandsskogane på to - tre år. Det kan dekkje varmebehovet for 30.000 bustader.

Varme frå skogen
Høge straum-og oljeprisar gjer dette meir aktuelt enn nokon gong. Vestskog BA, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Noreg ønskjer difor å legge til rette for å realisere varmeleveransar direkte frå skogressursane i fylket i stort omfang.

Auka bruk av fornybare energikjelder er i vinden. Landbruket er i dag produsent av biobrensel, men kan og verte leverandør av ferdig varme. Dei siste tiåra har det vore ei formidabel oppbygging av skogressursar i Hordaland. Den ståande skogen utgjer ei samla brutto energimengd på 44 TWh, og den årlege tilveksten tilsvarer eit årleg brutto energitilfang på 1,8 TWh. Realistisk sett kan ein sjå for seg hogst i Hordaland på 300.000 m3 i løpet av få år. Vert dei dårlegaste kvalitetane av trevirket brukt til energi i staden for til papir, vil 200.000 m3 være aktuelt for bioenergiføremål. Dette tilsvarer ein årleg energiproduksjon på 0,4 TWh, og ved 80 % verkingsgrad vil netto biobrenselbaserte energileveranse utgjere 0,32 TWh/år.

Bioenergi: Fylkesmannen har rekna ut at det er mogleg å hente ut 320 GWh frå Hordalandsskogane på to - tre år.