Historisk arkiv

Jordbruk: Mjølkekvotar for 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Statens landbruks-forvaltning har no rekna ut mjølkekvoten for kvar einskilt landbrukseigedom. For 2006 er det utrekna ein kumjølkkvote på totalt 1578 millionar liter, fordelt på 15 160 kvotar.

Jordbruk: Mjølkekvotar for 2006

Jordbruk: Statens landbruksforvaltning (SLF)har no rekna ut mjølkekvoten for kvar einskilt landbrukseigedom. For 2006 er det utrekna ein kumjølkkvote på totalt 1578 millionar liter, fordelt på 15 160 kvotar.

For 2005 var tilsvarande tal på 1574,9 millionar liter for kumjølkkvote, fordelt på 16 353 kvotar. Nedgangen i antal utrekna kvotar, skuldast i hovudsak sal av kvote samt etablering av samdrift.

Mjølkekvotar
Kvoteordninga for mjølk skal tilpasse ku- og geitmjølkproduksjonen til avsetnaden i marknaden. Forskrift om kvoteordning for mjølk er det formelle grunnlaget for ordninga.Gjennom kvoteordninga får kvar eigedom kvart år fastsett ei kvote for kor mykje mjølk som kan bli produsert på eigedomen.

Jordbruk: Statens landbruksforvaltning har no rekna ut mjølkekvoten for kvar einskilt landbrukseigedom for 2006.