Historisk arkiv

Jordbruk: Bruker mindre energi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Det totale forbruket av elektrisk energi og diesel i jord- og hagebruk gjekk ned frå 2001 til 2005. Men det gjennomsnittlege forbruket per gardsbruk auka.

Jordbruk: Det totale forbruket av elektrisk energi og diesel i jord- og hagebruk gjekk ned frå 2001 til 2005. Men det gjennomsnittlege forbruket per gardsbruk auka. Det syner førebelse tal frå Landbruksundersøkinga 2006.

Nedgang i talet på jordbruksbedrifter forklarar noko av reduksjonen i forbruket av elektrisitet. Samstundes har jordbruksarealet i drift endra seg lite, og gjennomsnittleg storleik på jordbruksbedriftene har auka. Rekna per jordbruksbedrift auka forbruket av elektrisk energi frå 2001 til 2005 med 2 000 kWh. Gjennomsnittleg blei det i 2005 brukt 24 000 kWh elektrisk energi per jordbruksbedrift.

Det totale forbruket av diesel i jord- og hagebruk var 127 millionar liter i 2005, mot 129 millionar liter fire år tidlegare. Forbruket av diesel per jordbruksbedrift auka med om lag 18 prosent. Energiforbruk i veksthus er ikkje inkludert i statistikken.

Jordbruk: Det totale forbruket av elektrisk energi og diesel i jord- og hagebruk gjekk ned frå 2001 til 2005.