Historisk arkiv

Jordbruk: Mjølka er kva kua et

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Resultat frå Bioforsk tyder på at eit variert fôr resulterer i mjølk med høgare innhald av helsefremjande stoff, mellom anna feittsyrer som verkar positivt mot kreft og hjartesjukdommar hos menneske.

Helse med kløver
Hjå Bioforsk Økologisk arbeider forskarane Håvard Steinshamn og Steffen Adler med å kartlegge den botaniske samansetninga i enga, for deretter å finne forskjellane att i mjølka. Dei helsefremjande stoffa i mjølk som blir påverka av fôret er mellom anna dei umetta omega-3-feittsyrene, CLA, nokre metta feittsyrer og planteøstrogen. - Tradisjonelt har ein sett på innhaldet av protein og feitt i mjølka. Me er meir interessert i å studere samansetninga av dei ulike feittsyrene og innhaldet av vitaminer, seier Steinshamn. I tidlegare arbeid har Steinshamn vist at mjølka får ei sunnare samansetning av feittsyrer og meir umetta feitt når kyrne et fôr med mykje raudkløver.

Jordbruk: Resultat frå Bioforsk tyder på at eit variert fôr resulterer i mjølk med høgare innhald av helsefremjande stoff.