Historisk arkiv

Landbruksbygg i kulturlandskapet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruksavtalepartane er samde om å gjennomføre eit prosjekt over 5 år med tema landbruksbygg i kulturlandskapet.

Jordbruksavtalepartane er samde om å gjennomføre eit prosjekt over 5 år med tema landbruksbygg i kulturlandskapet. Prosjektet skal femne om tre område:

  • Byggeskikk ved nybygg og ombygging.
  • Ny bruk av ledige landbruksbygg
  • Kartlegging av tilstanden til kulturhistorisk viktige landbruksbygg.

Formar inntrykket
- Landbruksbygga er ein viktig del av kulturlandskapsbiletet. Dei er med og formar det inntrykket vi får av dalen, kysten og fjellet, kort sagt landet vårt. Vi veit alle kor mykje malplasserte, stygge eller dårleg vedlikehaldne bygg kan skjemme. Derfor er det viktig at vi går gjennom dette, sier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Meir kunnskap
Avtalepartane er samde om at det er behov for meir informasjon og kunnskap om utform­ing og bruk av nye og gamle landbruksbygg for å sikre at kulturland­skaps­verdiane blir tekne vare på, og slik at foretak og offentleg forvaltning har betre grunn­lag når dei skal ta avgjerder. I tillegg er avtalepartane samde om at programmet også skal kartlegge tilstanden til kulturhistorisk viktige landbruksbygg.

Det blir avsett 2 mill. kroner per år i 5 år til programmet.

Partene er samde om å nedsetje ei styringsgruppe for utviklingsprogrammet som blir leia av Land­bruks- og matdepartementet. Jordbrukets organisasjonar skal delta i styringsgruppa. Statens landbruksforvaltning (SLF) får i oppgave å vere sekretariat og utarbeider utkast til mandat og organisering av programmet. Avtalepartane skal vedta dette i løpet av hausten.

Hausten 2006 vart det gjennomført eit forprosjekt og eit nordisk seminar om temaet landbruksbygg og kulturlandskap. Rapporten frå forprosjektet foreslo eit program med tema landbruksbygg og kulturlandskap.