Historisk arkiv

Økologisk auke i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I 2011 var det auke i arealet for eple, pære og bringebær, men ein nedgang i grasarealet som vert drive økologisk i Sogn og Fjordane. Tala frå Debio syner at fylket no har 177 gardsbruk med økologisk produksjon og eit areal på knapt 20 000 dekar. Dette utgjer 4 prosent av jordbruksarealet i fylket.

Samanlikna med resten av landet, har Sogn og Fjordane 27 prosent av eplearealet og 12 prosent av sauene som er godkjende som økologiske. Med bakgrunn i utviklinga dei siste åra er innsatsen til Fylkesmannen retta mot kjøtproduksjon på sau/lam, produksjon av frukt/bær og marknadsarbeid knytt til omsetnad av økologisk kjøt.

Økologisk matproduksjon           
Regjeringa har som mål at 15 prosent av matproduksjonen og matforbruket i 2020 skal vera økologisk. Vidare seier regjeringsfråsegna at Noreg heng etter andre land når det gjeld å gjera økologiske varer tilgjengelege for forbrukarane, og at regjeringa vil styrkja dette området. Regjeringa ynskjer at det offentlege går føre som ansvarleg forbrukar og etterspør miljøvenlege varer og varer som er tilverka med høge etiske og sosiale standardar.

Eple på gren

I 2011 var det auke i arealet for eple, pære og bringebær, men ein nedgang i grasarealet som vert drive økologisk i Sogn og Fjordane. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)