Historisk arkiv

Klimaendringane påverkar jordbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ny forsking frå Vestlandsforsking og Bygdeforsk viser at klimaendringane allereie påverkar norsk landbruk på Vestlandet og i Nord-Noreg, og ikkje berre i positiv forstand.

Ny forsking frå Vestlandsforsking og Bygdeforsk viser at klimaendringane allereie påverkar norsk landbruk på Vestlandet og i Nord-Noreg, og ikkje berre i positiv forstand. 

Vestlandsforsking og Bygdeforsk har i eit forprosjekt for Regionalt Forskningsfond Vestlandet diskutert klimaproblematikk med representantar for bønder, forvalting og rådgjeving på Vestlandet og i Midt-Noreg. Det kan sjå ut til at klimaendringane ikkje berre er positive for norsk landbruk, sjølv om høgare temperatur gjev lengre vekstsesong.

Analysen som nyleg vert presentert i ein rapport frå Vestlandsforsking og Bygdeforsking syner at nye klimatiske trendar allereie påverkar landbruket på Vestlandet og i Midt-Noreg. Auka nedbør i sommarhalvåret har ført til problem med innhausting og andre arbeidsoperasjonar. Nedbørsauken fører og til meir jordskader, som gir mer avlingstap. 

Kan føre til meir matmangel
Rapporten peiker på ein rekke problem som kan komme som følge av auka nedbør, høgare temperaturar og meir ekstremvêr i åra som kjem. Rapporten drøftar og at klimaendringane kan føre til meir matmangel i verda, og at dette kan føre til eit behov for halde oppe den norske matproduksjonen. Samstundes kan tiltak for å redusere klimagassutslipp ha både positive og negative konsekvensar for matproduksjonen. 

Kyr på beite.
Ny forsking viser at klimaendringane allereie påverkar norsk landbruk på Vestlandet og i Nord-Noreg.(Foto: LMD)