Historisk arkiv

Forbod mot kvikksølv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

I dei internasjonale forhandlingane om kvikksølvkonvensjonen i Chiba i Japan denne veka, foreslår Noreg eit globalt forbod mot bruk av kvikksølv i produkt. I tillegg foreslår Noreg at det blir sett grenser for utslepp frå viktige kjelder som industrien.

I dei internasjonale forhandlingane om kvikksølvkonvensjonen i Chiba i Japan denne veka, foreslår Noreg eit globalt forbod mot bruk av kvikksølv i produkt.

I tillegg foreslår Noreg at det blir sett grenser for utslepp frå viktige kjelder som industrien. Noreg er ein pådrivar for ein ambisiøs avtale som vil føre til betydelege reduksjonar av utslepp frå industri og prosesser, og utfasing av kvikksølv i produkt. Det er framleis stor usemje om kor strenge krav avtalen kan innehalde, og det kan bli vanskelege forhandlingar dei neste to åra.


Kvikksølv er ein miljøgift som blir spredd over lange avstandar. Kvikksølv hoper seg opp i dyr og næringskjeda, og fisk i mange område inneheld for mykje kvikksølv. Born og fostre kan få varege utviklingsskadar når dei blir utsett for kvikksølvforureining. Noreg og Arktis tar mot betydelege mengder kvikksølv frå andre stader i verda.
Landa som møtes denne veka står foran store utfordringar, og teknisk assistanse og finansiering til utviklingsland vil bli ein viktig del av avtalen. Avtalen skal vere ferdig i 2013.