Historisk arkiv

Merkevarestrategi for Noreg som turistreisemål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Innovasjon Norge har revidert merkevarestrategien for Noreg som turistreisemål. Måndag 3. april vart strategien overrekt til nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

Merkevarestrategi for Noreg som turistreisemål

Innovasjon Norge har revidert merkevarestrategien for Noreg som turistreisemål. Måndag 3. april vart strategien overrekt til nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

- Målet med den reviderte merkevarestrategien er å styrkja Noreg som merkevare, slik at fleire vert kjent med Noreg som turistreisemål. Det sa administrerande direktør Gunn Ovesen i Innovasjon Norge då ho orienterte statsråd og presse om innhaldet i den reviderte strategien.

14 000 potensielle turistar er spurt om kva dei ønskjer å oppleva dersom dei reiser til Noreg. Det har aldri tidlegare vore gjennomført ei så omfattande undersøking.

- Strategien er eit nyttig innspel i arbeidet med å få fleire turistar til Noreg. Eg håpar og reknar med at strategien vil tena Noregs og reiselivsnæringanes interesser, ved at me får ei målretta marknadsføring i utlandet, sa Eriksen.

Les pressemeldinga frå Innovasjon Norge: http://www.innovasjonnorge.no/templates/NewsPage____60903.aspx



5. april 2006