Historisk arkiv

Startskot for ny maritim strategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Noreg skal vera ein leiande maritim nasjon også i framtida. Denne veka inviterte nærings- og handelsministeren dei maritime næringane til eit møte i Strategisk råd for MARUT (Maritim utvikling).

Startskot for ny maritim strategi

Noreg skal vera ein leiande maritim nasjon også i framtida. Denne veka inviterte nærings- og handelsminister Odd Eriksen dei maritime næringane til eit møte i Strategisk råd for MARUT (Maritim utvikling). På møtet vart det drøfta korleis innovasjonsevna i maritime næringar kan styrkjast.

- Noreg er ein leiande maritim nasjon i dag, men det er ingen garanti for framtida. Forsking og innovasjon vil vera sentrale faktorar i arbeidet med å sikra framtida for desse næringane, seier Eriksen.

Møtet onsdag 5. april var ein del av MARUT-initiativet. Dette er eit breitt samarbeid mellom styresmakter, næringsliv og kunnskapsmiljø. MARUT skal identifisera sentrale utfordringar og moglegheiter for maritime næringar, og målet er å bidra til auka forskings- og innovasjonsaktivitetar i næringane.

Regjeringa har i årets budsjett auka løyvingane til maritim brukarstyrt forsking i Noregs forskingsråd frå 40 til 70 millionar kroner. I tillegg har regjeringa løyva 20 millionar kroner til ei ny ordning for maritim innovasjon. Ordninga skal forvaltast av Innovasjon Norge.

- Regjeringa ønskjer å satsa på område der Noreg har særlege fortrinn, slik som maritim sektor. Det er viktig at dette skjer i nært samarbeid med næringane, seier statsråden.

I det strategiske rådet er representantar for reiarlag, verft, utstyrsleverandørar og tenestesektoren representert. Den norske maritime klynga er omtalt som ei av dei mest komplette i verda. På møtet onsdag drøfta dei korleis næringane kan utviklast i framtida.

- Arbeidet med ein maritim politikk skal leggjast breitt opp og involvera alle. Engasjementet og interessa rundt MARUT viser at det er behov for eit slikt samarbeid mellom styresmakter og næringsliv, seier Eriksen.

Les meir om MARUT her: www.marut.no

Møte i MARUTs Strategiske råd 5. april 2006
Møte i MARUTs strategiske råd 5. april 2006




7. april 2006