Historisk arkiv

Fleire overnattar i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

I mai i år var det 1,89 millionar overnattingar ved norske kommersielle overnattingsstader. Dette er ein auke på 10 prosent frå mai i fjor. - Ei gledeleg utvikling, seier statssekretær Karin Yrvin.

Pressemelding

Nr.: 49/06
Dato: 30. juni 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Fleire overnattar i Noreg

I mai i år var det 1,89 millionar overnattingar ved norske kommersielle overnattingsstader. Dette er ein auke på 10 prosent frå mai i fjor, viser overnattingsstatistikken frå Statistisk sentralbyrå. Talet på utanlandske overnattingar auka med 13 prosent og talet på norske overnattingar auka med 9 prosent.

– Eg er svært glad for at det har vore ein auke i talet på overnattingar i Noreg denne våren. Dette viser blant anna at den styrka marknadsføringa og profileringa av Noreg i utlandet har hatt ein god effekt, seier statssekretær Karin Yrvin i Nærings- og handelsdepartementet.

Tala frå SSB omfattar både turistar og forretningsreisande. Dei fem første månadene i år har det vore 8,34 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsstader, ein auke på 5 prosent samanlikna med same periode i fjor.

– Dette er svært positive tal. Regjeringa har løyvd 172,5 millionar kroner til marknadsføringa av Noreg i 2006, og dette håpar me å sjå ytterlegare resultat av framover, seier Yrvin.

Reiseliv er eitt av fem område der regjeringa meiner Noreg er særleg gode, og tiltak for å fremja reiselivsnæringane er difor nemnt spesielt i Soria Moria-erklæringa. Det er blant anna sett i gang eit omfattande arbeid med å utvikla ein nasjonal reiselivsstrategi som skal lanserast neste sommar.

– I den nasjonale reiselivsstrategien vil sjølvsagt marknadsføringa og profileringa av Noreg i utlandet vera eit viktig tema, seier Yrvin.

Innovasjon Norge lanserte i år ein ny merkevarestrategi for Noreg som turistreisemål, dei har utforma ein strategi for sitt eige arbeid med næringane og dei er i gang med ein revisjon av reiselivsportalen visitnorway.com. Innovasjon Norge har blant anna marknadsføringskampanjar i Tyskland, Storbritannia, Nederland og Sverige.

- Norske reiselivsaktørar har positive forventningar til den sesongen me er inne i. Ei undersøkjing frå Innovasjon Norge viser at nesten 70 prosent av aktørane i reiselivet ventar ein auke i talet på utanlandske turistar i høve til sommaren i fjor. Eg trur difor dette blir ein god sommar for næringane, seier Yrvin.

Håholmen havstuer i Møre og Romsdal
Håholmen havstuer i Møre og Romsdal