Historisk arkiv

Meir maritimt samarbeid mellom Noreg, Kina og Singapore

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Noreg, Kina og Singapore har inngått ein avtale om samarbeid på det maritime området. Avtalen omfattar forsking og utvikling, utdanning og trening.

Pressemelding

Nr.: 66/06
Dato: 20.september 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58

Meir maritimt samarbeid mellom Noreg, Kina og Singapore

Noreg, Kina og Singapore har inngått ein avtale om samarbeid innan maritim forsking og utvikling, utdanning og trening. Avtalen skal bidra til auka maritimt samarbeid mellom dei tre landa. I morgon skal Noreg og Kina diskutera innhaldet i avtalen.

– Avtalen legg til rette for gjennomføring av fellesprosjekt og utvekslingsprogram på område av gjensidig interesse for dei tre landa, seier statssekretær Karin Yrvin i Nærings- og handelsdepartementet.

Avtalen er inngått mellom Transportministeriet i Singapore, Kommunikasjonsministeriet i Kina og Nærings- og handelsdepartementet i Noreg, og er basert på eit eksisterande maritimt samarbeid mellom Noregs forskingsråd og Maritime and Port Authority i Singapore. Avtalen vart signert 28. august.

Statssekretær Karin Yrvin er i Kina denne veka, der ho blant anna skal møta sin kollega i det kinesiske kommunikasjonsministeriet, viseminister Weng Mengyong. Dei to skal diskutera kva avtalen vil bety for auka samarbeid mellom Noreg, Kina og Singapore.

– Det er gledeleg at me har fått i stand denne avtalen. Avtalen er viktig for eit tettare samarbeid med Kina, seier Yrvin.

Noreg ønskjer enda sterkare økonomisk kontakt med Kina. Regjeringa prioriterer å få til ein frihandelsavtale mellom Kina og EFTA.

– Ein frihandelsavtale med Kina er viktig for norske bedrifter, fordi det vil opna for betre marknadstilgang og auka eksport av ei rekkje varer, seier Yrvin.