Historisk arkiv

Ambisjon for det maritime Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Priv. til red.

Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen møter MARUTs strategiske råd onsdag 21. februar. Statsråden har bedt om innspel til regjeringas maritime strategi, og onsdag tar han imot Strategisk råds ambisjon for det maritime Noreg.

Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58

Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen møter MARUTs strategiske råd onsdag 21. februar. Statsråden har bedt om innspel til regjeringas maritime strategi, og onsdag tar han imot Strategisk råds ambisjon for det maritime Noreg.

Regjeringa vil utvikla den norske maritime næringa til å bli verdsleiande på maritim forsking, kompetanseutvikling og nyskaping. Arbeidet med ein nasjonal maritim strategi er difor sett i gang. Strategien vil ta for seg heile næringa, frå skipsfart til skipsbygging.

Strategisk råd i MARUT (Maritim utvikling) er sett saman av ressurspersonar frå den maritime klynga: www.marut.no.

Møtet i Strategisk råd i MARUT går føre seg i DnB NORs lokale på Aker brygge onsdag 21. februar kl. 09-11. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar etter møtet.