Historisk arkiv

Overnattingsvekst i juli

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

I juli var det nærare 35 000 fleire overnattingar i Noreg enn i juli i fjor. Hotell og andre overnattingsbedrifter hadde i denne perioden 2 474 830 overnattingar, viser tal frå SSB. Det har vore ein vekst både i norske og utanlandske reisande.

– Eg arbeider for at enda fleire skal ta turen til Noreg. Det er også eit prioritert område å få fleire nordmenn til å feriera i heimlandet, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Regjeringa brukar om lag ein halv milliard kroner i året på å utvikla og marknadsføra norsk reiseliv. Det blir no jobba med ein nasjonal reiselivsstrategi, for å utnytta pengane enda betre. Dag Terje Andersen presenterte hovudpunkta for arbeidet med strategien denne veka.

Tala frå SSB viser at det for dei sju første månadene har vore ein vekst i talet på overnattingar på 5 prosent. Totalt er det registrert over 11 millionar overnattingar i Noreg i denne perioden.

Les SSB-statistikken: http://www.ssb.no/vis/emner/10/11/overnatting/art-2007-08-31-01.html

Håholmen i Møre og Romsdal

Håholmen i Møre og Romsdal.