Historisk arkiv

Vekst i overnattingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Frå januar til mai var det over 326 000 fleire overnattingar i Noreg enn i same periode i fjor. Hotell og andre overnattingsbedrifter registrerte i denne perioden over 6,6 millionar overnattingar, viser tal frå SSB. - Regjeringa si auka satsing på marknadsføring og profilering av Noreg bidrar til dette, seier Dag Terje Andersen.

Frå januar til mai var det over 326 000 fleire overnattingar i Noreg enn i same periode i fjor. Hotell og andre overnattingsbedrifter registrerte i denne perioden over 6,6 millionar overnattingar, viser tal frå SSB.

– Eg er glad for at det har vore ein auke i talet på overnattingar denne våren. Regjeringa si auka satsing på marknadsføring og profilering av Noreg bidrar til dette, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Regjeringa har auka satsinga på reiseliv frå 100 til 200 millionar kroner og arbeider no med ein nasjonal strategi for reiseliv. Reiseliv er blant dei raskast veksande næringane i verda, og målet er at Noreg skal ta sin del av denne veksten.

– Me må satsa der me er gode, og då er reiselivet eit naturleg satsingsområde. Me ønskjer ein tett dialog med reiselivsnæringa og andre involverte aktørar i arbeidet med strategien. Dette handlar blant anna om at me må tilpassa oss stadig meir reisevante og krevjande kundar, seier Andersen.

For dei fem første månadene i 2007 er auken i overnattingar på 5 prosent. Det er ein auke både i norske og utanlandske reisande.

Les heile statistikken frå SSB: http://www.ssb.no/vis/emner/10/11/overnatting/art-2007-06-28-01.html.

Dag Terje Andersen på Lysefjorden

Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen på Lysefjorden i Rogaland.