Historisk arkiv

RNB 2007: Regjeringa sitt arbeid i kraftintensiv industri

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Regjeringa omtaler i revidert nasjonalbudsjett arbeidet med å avklare handlingsrom for tiltak styresmaktene kan setje i verk for å betre konkurranseevna til den kraftintensive industrien.

Regjeringa omtaler i revidert nasjonalbudsjett arbeidet med å avklare handlingsrom for tiltak styresmaktene kan setje i verk for å betre konkurranseevna til den kraftintensive industrien.

- Regjeringa er svært oppteken av vilkåra for den kraftintensive industrien, seier olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. – Vi har fått gode og konstruktive innspel frå industrien sjølv, og vil arbeide vidare med å avklare moglegheitene innanfor dei ordningane dei skisserer, seier statsråd Enoksen.

Statsstøttereglane set strenge avgrensingar for tiltak for den kraftintensive industrien, og det er i dag svært vanskeleg å innføre eigne norske ordningar som gir den kraftintensive industrien fordeler. På den andre sida ser regjeringa at det framleis er utvikling i EU på dette området, og vil arbeide vidare ut frå følgjande grunnlag:

• Aktivt søkje å påverke EU når det gjeld eventuelle nye tiltak for kraftintensiv industri generelt i EU. Dette må forventast å vere eit langsiktig arbeid.
• Ha dialog med ESA i samarbeid med industrien, med sikte på å få avklart eigne norske ordningar. Regjeringa arbeidar i tillegg med ei avklaring knytt til justering av inngåtte 52-kontraktar  overfor ESA, og vil kome tilbake til Stortinget etter nødvendige avklaringar.

Regjeringa vil arbeide vidare med sikte på å finne gode løysingar, til dømes innanfor:
• Danning av eit industrikonsortium for utbygging og kjøp av kraft på langsiktige vilkår.
• Nye langsiktige industrikontraktar basert på marknadspris, med strenge vilkår vedrørande fleksibilitet i forbruk og forsyningssikkerheit.
• Produktpriseksponerte kontraktar der styresmaktane bestemmer rammene for kommersielle forhandlingar for eit gitt kraftvolum.