Historisk arkiv

Styrka satsing på skredførebyggjande arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Regjeringa vil styrke Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med 30 millionar kroner i 2010 for at dei kan hjelpe kommunane med skredførebygging og beredskap. Samlet til skredforebygging vil det brukes om lag 140 millioner kroner i 2010.

- Regjeringa ønskjer å styrke budsjettet til NVE med 30 millionar kroner slik at dei kan fortsetje arbeidet med å kartlegge og sikre skredutsette område der det er fare for liv og store verdiar, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

- Regjeringa foreslår også å auke løyvingane til NVE for kompetansebygging knytte til førebygging av skredulykker. I den samanhengen skal NVE halde fram oppbygginga av den viktige forskings- og formidlingsavdelinga for skred i Førde, sier statsråd Riis-Johansen.

I 2010 skal NVE byrje utviklinga av ei ny operativ overvakings- og varslingsteneste. Samstundes skal arbeidet med kartlegging, arealplanlegging og sikring styrkast. Dette vil gjere det mogeleg å sikre ytterlegare område mot skred, og ha ei breiare kartlegging av skredutsette område.

Frå og med 1.1.2009 blei den statlege skredbistanden samla hos NVE. Deira oppgåve er mellom anna å støtte kommunane med kunnskap og ressursar innan kartlegging, arealplanlegging, overvaking og varsling, sikring og beredskap.