Historisk arkiv

Mange tusen eldre bilar klare for biodrivstoff

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Tal frå bilbransjen kan tyde på at minst 20 000 norske bileigarar ikkje veit at bilane deira kan bruke biodrivstoff. Samferdselsminister Liv Signe Navarsete var mellom desse, men på fredag fylte ho tanken med biodiesel for første gong.

Navarsete fyller biodieselTal frå bilbransjen kan tyde på at minst 20 000 norske bileigarar ikkje veit at bilane deira kan bruke biodrivstoff. Samferdselsminister Liv Signe Navarsete var mellom desse, men på fredag fylte ho tanken med biodiesel for første gong.

- Bilen min er ein 1996-modell, og eg er nyleg blitt klar over at eg kan fylle tanken med eit alternativ til fossilt drivstoff. No som eg veit dette, kan eg køyre meir miljøvenleg, og i tillegg spare pengar. Eg vil oppmode alle til å høyre med sine forhandlarar om kva for drivstoff dei kan bruke, sa Navarsete då ho fredag markerte opninga av ein ny pumpestasjon for biodiesel i Lierstranda i Buskerud.

Samferdselsministeren sa ho også er oppteken av at dei som skal kjøpe ny bil får kunnskap som gjer det enklare å velje modellar med god miljøprofil.

- Samferdselsdepartementet samarbeider no med Statens vegvesen og bilbransjen om å utvikle ei nettside med informasjon til forbrukarane om miljøfakta for dei ulike bilmodellane på marknaden.

Navarsete fylte 100 prosent biodiesel på den nye stasjonen til BV Energi på Lierstranda. Biodieselen er laga av rapsolje etter den europeiske standarden EN 14214. BV Energi har til no retta tilbodet sitt inn mot store transportselskap, og har eit tjuetals stasjonar i Sør-Noreg. Biodiesel er dyrare å produsere enn fossilt drivstoff, men på grunn av avgiftsfritak ligg prisen til kunden om lag 10 prosent under vanleg diesel.

Utslepp frå landtransport utgjorde i 2005 18 prosent av dei samla norske utsleppa av CO2. I 2020 vil slike utslepp kunne stå for ein firedel av dei samla utsleppa, om ikkje nye tiltak vert sett i verk. Regjeringa foreslår i stortingsmeldinga om norsk klimapolitikk fleire tiltak, mellom anna knytt til arbeidet med å auke bruken av biodrivstoff i Noreg.

Ei oversikt over enkelte personbilmodellar som er fabrikk-godkjende for bruk av biodiesel finn ein mellom anna på nettsidene til organisasjonen Zero. Bilimportørenes Landsforening har ei oversikt over dei fleste norske bilimportørar, som kan gi informasjon om kva for drivstoff dei ulike bilmodellane kan bruke.