Historisk arkiv

”Atlanterhavstunnelen”: Ferjefritt vegsamband Bremsnes - Kristiansund, ferdig i 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

­- Atlanterhavstunnelen vil gi betre kommunikasjon mellom Averøya og Kristiansund og er med på å styrkje næringsgrunnlag og busetnad for ein stor del av Nordmøre, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (02.12.05)

Pressemelding

Nr.: 145/05
Dato: 02.12.05

”Atlanterhavstunnelen”: Ferjefritt vegsamband Bremsnes – Kristiansund, ferdig i 2008

- Atlanterhavstunnelen vil gi betre kommunikasjon mellom Averøya og Kristiansund og er med på å styrkje næringsgrunnlag og busetnad for ein stor del av Nordmøre. Byggjearbeidet kan ta til i 2006 og skal etter planen vere ferdig i 2008.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av riksvegprosjektet ”Atlanterhavstunnelen”, på strekninga Bremsnes – Kristiansund, i Møre og Romsdal.

Prosjektet omfattar bygging av 3,9 kilometer ny veg i dagen mellom Bremsnes og Øksenvågen på Averøya, ein om lag 5,7 kilometer lang tunnel under Bremsnesfjorden mellom Øksenvågen og Kristiansund og 600 meter ny veg i Kristiansund. ”Atlanterhavstunnelen” vil gi fast vegsamband mellom kommunane Averøy, Kristiansund og Frei, på Nordmøre.

Den nye vegen vil erstatte dagens riksvegferjesamband Bremsnes – Kristiansund, som skal leggjast ned når utbygginga er ferdig. Det skal etter planen skje i 2008. Byggjekostnadene for prosjektet er på 635 millionar kroner. Når ein tar med finansieringskostnadene, blir dei samla kostnadene i alt 815 millionar kroner. Av dette beløpet skal om lag 600 millionar kroner dekkjast ved hjelp av bompengar. Resten blir dekt ved tilskott frå kommunane Kristiansund, Aure og Frei, ordinære statlege midlar og ved midlar frå ordninga med ”alternativ bruk av ferjetilskott”. Bruken av midlar frå denne ordninga har samanheng med innsparing av statleg ferjetilskott ved at ferjesambandet Bremsnes – Kristiansund blir lagt ned.

Kartillustrasjon: Atlanterhavstunnelen

Til redaksjonen
For nærmare opplysningar – sjå:

St.prp. nr. 28 (2005-2006) Om utbygging og finansiering av vegsambandet rv 64 Bremsnes – Kristiansund (Atlantgerhavstunnelen) i Møre og Romsdal. (tilgjengeleg på nett frå klokka 1145)