Historisk arkiv

Brevpost: Einerett for Posten sikrar godt tenestetilbod i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

- For å sikre gode og rimelege posttenester i heile landet er det viktig å halde fast ved at Posten framleis skal ha einerett til å formidle vanleg brevpost, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (05.05.06)

Pressemelding

Nr.: 28/06
Dato: 05.05.06

Brevpost: Einerett for Posten sikrar godt tenestetilbod i heile landet

- For å sikre gode og rimelege posttenester i heile landet er det viktig å halde fast ved at Posten framleis skal ha einerett til å formidle vanleg brevpost.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete, i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om å oppheve vedtaket i Stortinget i mars 2005 om at eineretten til Posten Norge AS for formidling av lukka adressert brevpost med vekt opptil 50 gram, skulle avviklast med verknad frå 1. januar 2007.

Dei fleste land har i dag ei ordning med einerett for å sikre eit landsdekkjande tilbod av posttenester. Det er få EU-land som alt har opna heile postmarknaden for full konkurranse eller som har planar om å gjere dette. Sverige og Finland gjenomførte ei slik liberalisering tidleg på 1990-talet, medan Nederland og Tyskland har planar om å opne postmarknaden fullt ut for konkurranse i 2007 og 2008. Blant landa utanfor EU er det berre New Zealand som har opna postmarknaden fullt ut for konkurranse, går det fram av forslaget frå regjeringa.

- Ut frå omsynet til like konkurransevilkår bør den norske postmarknaden i alle fall ikkje opnast før dette skjer i EU. Eg ønskjer ikkje ein situasjon der Posten får konkurranse på sin eigen heimemarknad for vanleg brevpost, samtidig som selskapet ikkje får høve til å komme inn på heimemarknaden til konkurrentane når det gjeld tenester innanfor einerettsområdet. I den monn andre tilbydarar etablerer seg på den norske marknaden og tar kundar frå Posten, vil dette føre til tapte inntekter for Posten. Ei slik utvikling kan svekkje det økonomiske grunnlaget for Posten til å ha eit godt landsdekkjande tenestetilbod, med mellom anna postombering seks dager i veka. Vi arbeider overfor EU for å påverke utviklinga i saka på ein måte som gjer at eineretten kan oppretthaldast. Det vil ha mykje å seie for eit godt tilbod til forbrukarar og distrikta, seier samferdselsministeren.

Til redaksjonen:

For fleire opplysningar – sjå St.prp. nr. 58 Om å oppretthalde eineretten til Posten Norge AS (Posten)