Historisk arkiv

Digitalt bakkenett for fjernsyn: Norges televisjon (NTV) får konsesjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Norges televisjon as har i statsråd i dag fått konsesjon til å byggje og drive eit digitalt bakkenett for fjernsyn i Noreg. Konsesjonen gjeld for 15 år, rekna frå i dag. (02.06.06)

Pressemelding

Nr.: 43/06
Dato: 02.06.06

Digitalt bakkenett for fjernsyn: Norges televisjon (NTV) får konsesjon

Norges televisjon as (NTV) har i statsråd i dag fått konsesjon til å byggje og drive eit digitalt bakkenett for fjernsyn i Noreg. Konsesjonen gjeld for 15 år, rekna frå i dag.

- Eg er svært glad for at ein no kan gå i gang med å byggje eit digitalt bakkenett i Noreg. Stenging av det analoge nettet og oppretting av det digitale bakkenettet er ei nødvendig teknologisk utvikling, som vil ha mange positive verknader, særleg for dei som i dag ikkje kan velje mellom ulike tv-tilbod og kanalar. Fjernsynstilbod basert på norsk kultur og språk blir styrkt i konkurransen med stadig fleire utanlandske kanalar. Eit digitalt bakkenett i Noreg vil sikre ein meir effektiv bruk av frekvensressursane. Kapasiteten i det digitale bakkenettet vert vesentleg utvida, samanlikna med det analoge nettet. Dette opnar for fleire kanalar og betre dekning, særleg i distrikta. For fjernsynssendingane til NRK2 aukar dekningsgraden frå 55 prosent til 95 prosent av folkemengda. Også i hytteområde vil mange fleire ta inn TV - signal når det digitale bakkenettet er på plass, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Konsesjonen blei fyrste gong kunngjord i 2002. NTV - den gongen eigd av NRK og TV 2 - var då einaste søkjar. Under prosessen med å fastsetje dei endelege konsesjonsvilkåra søkte NTV i februar 2005 om å få utvide konsesjonsperioden, frå tolv til femten år. Som følgje av rettslige plikter etter EØS-avtalen, blei konsesjonen kunngjort på nytt med ein forlengd konsesjonsperiode. Konsesjonen blei lyst ut på nytt 30. juni 2005. NTV (Telenor hadde no slutta seg til dei opphavlege eigarane TV 2 og NRK) var einaste søkjar då fristen gjekk ut 30. september 2005.

Til redaksjonen:

For meir informasjon sjå

Fakta om digitalt bakkenett pdf (24 kB)