Historisk arkiv

Lågare billettprisar og betre trafikktilbod på regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Billettprisane på dei regionale flyrutene i Finnmark og Nord-Troms skal bli lågare neste år. (15.08.06)

Pressemelding

Nr.: 66/06
Dato: 15.08.06

Lågare billettprisar og betre trafikktilbod på regionale flyruter i Finnmark og Nord-Troms

Billettprisane på dei regionale flyrutene i Finnmark og Nord-Troms skal bli lågare neste år. I samband med ulysing av nytt flyruteanbod for Finnmark og Nord-Troms som vil gjelde frå 1. april 2007, vil Samferdselsdepartementet redusere maksimalsatsane med 20 prosent.”

- Det betyr mykje for folk og næringsliv at det er enkelt og rimelig å reise internt i regionen, så vel som til og frå landsdelen. Dette har vore ei viktig sak for regjeringa, og det er eit eksempel på korleis vi fører ein meir aktiv politikk for utvikling av nordområda, seier Liv Signe Navarsete.

Samferdselsdepartementet stiller krav til rutedrifta på anbodsrutene, og bestemmer mellom anna den maksimale billettprisen flyselskapa kan ta på kvar rutestrekning. Dei siste åra har billettprisane på kortbanenettet blitt auka i takt med konsumprisindeksen, medan prisane på kommersielle flyruter har gått ned. Regjeringa vil i den komande anbodsutlysninga bidra til å utjamne denne skeivheita.

Samferdselsdepartementet vil om kort tid lyse ut drift av regionale flyruter på strekningar i Finnmark og Nord-Troms. Flyselskap i alle EØS-land vert invitert til å levere anbod. Prisreduksjonen vil førebels berre gjelde dei nye anbodskontraktane for ruter Finnmark og Nord-Troms. Samferdselsdepartementet vil sjå nærare på effektane av tiltaket.

Anbudsinnbydelse fra 2004
Her finner du dagens makspriser, fastsatt i forrige anbudsrunde.

Kontaktpersonar:

Informasjonsrådgjevar Melita Ringvold Hasle tlf. 951 21 983

Politisk rådgjevar Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim tlf. 902 79 845