Historisk arkiv

Nordisk og baltisk ministermøte om samferdsel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Tysdag 20.-21. juni samlast dei nordiske og baltiske landa til ministermøte om samferdsel i Balestrand, Sogn og Fjordane. Delegasjonar frå ni land og fem ministre vil ta del i møtet. (16.06.06)

Pressemelding

Nr.: 51/06
Dato: 16.06.06

Nordisk og baltisk ministermøte om samferdsel

Tysdag 20.og onsdag 21. juni samlast dei nordiske og baltiske landa til ministermøte om samferdsel i Balestrand, Sogn og Fjordane. Delegasjonar frå ni land og fem ministrar vil ta del i møtet.

Delegasjonane kjem til Kviknes Hotell, Balestrand tysdag ved 15-tida, og startar ministermøtet same ettermiddag. Programmet for kvelden rundast av med ein konsert i St.Olavs kyrkje. Ministermøtet held fram onsdag 21. juni til 14.00.

Til redaksjonen:
Her finn du fullstendig program for dagane, deltakarliste og agenda for møtet.

Det er sett av tid til fotografering av ministrane og spørsmål frå pressa.

Pressekontakt:
Informasjonsrådgjevar Melita Ringvold Hasle,
Samferdselsdepartementet, 95121983