Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Statssekretær Steinulf Tungesvik - til Luxemburg for å drive aktiv Europa-politikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Statssekretær Steinulf Tungesvik er 8. og 9. juni i Luxemburg, der han skal delta ved eit nordisk formøte til EUs transportministermøte. Saker som gjeld luftfart, veg-, jernbane- og sjøtransport vil bli drøfta ved møtet. (08.06.06)

Pressemelding

Nr.: 45/06
Dato: 08.06.06

Samferdselsdepartementet: Statssekretær Steinulf Tungesvik - til Luxemburg for å drive aktiv Europa-politikk

Statssekretær Steinulf Tungesvik, Samferdselsdepartementet, er 8. og 9. juni i Luxemburg, der han skal delta ved eit nordisk formøte til EUs transportministermøte. Saker som gjeld luftfart,
veg-, jernbane- og sjøtransport vil bli drøfta ved møtet.

I samband med møtet vil statssekretæren, på vegne av norske styresmakter, underteikne ein avtale om oppretting av ein felles europeisk luftfartsmarknad (European Common Aviation Area). Denne avtalen har samanheng med ei utviding av den indre marknaden på luftfartsområdet til og å omfatte dei nye medlemslanda i EU. Det vil seie Bulgaria, Romania og land på Vest-Balkan. Avtalen blir underteikna av Noreg, Island, EU-kommisjonen og medlemslanda i EU. Noreg har sidan 1993 vore omfatta av EUs indre marknad på luftfartsområdet.

Statssekretær Tungesvik vil også underteikne ei intensjonserklæring om norsk medverknad i den videre utviklinga av det europeiske prosjektet ”eCall.” Dette prosjektet gjeld eit system der det frå motorkøyretøy blir varsla automatisk eller manuelt til ein naudmeldingssentral om at køyretøyet har vore innblanda i ei ulykke.

Til redaksjonen

Avdelingsdirektør Tore Raasok, Samferdselsdepartementet, mobiltelefon 90 80 11 41, og samferdselsråd Olav Grimsbo, telefon 0032473997507, EU-delegasjonen, Brussel, er saman med statssekretær Tungesvik ved møtet i Luxemburg.