Historisk arkiv

Yrkessjåførar: Krav til grunn- og etterutdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Sjåførar innan yrkesmessig person- og godstransport har eit viktig og ansvarsfullt arbeid. (24.11.06)

Pressemelding

Nr.: 110/06
Dato: 24.11.06

Yrkessjåførar: Krav til grunn- og etterutdanning

- Sjåførar innan yrkesmessig person- og godstransport har eit viktig og ansvarsfullt arbeid. Utviklinga innanfor marknaden for vegtransport har ført til at yrkessjåførane no møter større utfordringar enn tidlegare, og det er difor nødvendig å sikre at sjåførane har den kompetansen som er nødvendig for å møte desse utfordringane.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om endringar i vegrafikkloven, slik at Samferdselsdepartementet får heimel til å fastsetje grunnleggjande kvalifikasjons- og etterutdanningskrav for buss- og lastebilsjåførar. Desse krava skal komme i tillegg til det som i dag følgjer av opplæringa for å få førerkort for buss eller lastebil. Framlegget til lovendring legg elles til rette for at ein på dette området får eit regelverk i tråd med det som etter kvart også blir innført i andre EØS-land.

For busstransport vil kravet om grunnutdanning for yrkessjåførarar ikkje gjelde for dei som har fått førarkort utskrive før 10. oktober 2008. For lastebiltransport vil kravet om grunnutdanning ikkje gjelde for dei som har fått førerkort utskrive før 10. oktober 2009.

Kravet om etterutdanning for yrkessjåførar vil gjelde uavhengig av når førarkort er skrive ut.

Emna for grunn- og etterutdanninga omfattar mellom anna trafikktryggleik, miljøvennleg køyring, sikring av last og handsaming av fraktkontraktar og toll- og ekspedisjonsdokument. Krava om grunn- og etterutdanning rettar seg berre mot yrkesmessig transport. Førarar av køyretøy som ikkje blir brukt i næringsverksemd, er dermed ikkje omfatta av krava. Det vil elles bli lagt opp til ein del andre unntak, mellom anna for førarar av køyretøy som ikkje har høgare tillaten fart enn 45 km/t og for førarar av køyretøy som nyttast i naud- og redningsaksjonar.

Modellar for grunn- og etterutdanning

Samferdselsdepartementet vil seinare fastsetje nærmare regelverk for grunn- og etterutdanninga for yrkessjåførar innan buss- og lastebiltransport. Eit utkast til regelverk er for tida på ein omfattande høyringsrunde, der Statens vegvesen gjer greie for alternative modellar for utdanninga.

Til redaksjonen

For nærmare opplysningar – sjå:

Ot.prp. nr. 8 (2006-2007) Om lov om endring i vegtrafikklov 18. juni 1964 nr. 4 (gjennomføring av Europaparlamentets- og rådsdirektiv 2003/59EF av 15. juli 2003 om grunnleggende kvalifikasjons- og etterutdanningskrav for førere av visse kjøretøyer som benyttes til person- eller godstransport).