Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Behov for sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen – skal utgreiast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Lærar, tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, Askvoll, er i statsråd i dag oppnemnd som leiar av eit offentleg utval som skal utgreie behov for å opprette eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen. Utvalet skal ta for seg tilsynsoppgåver som er knytte til tryggleik på vegnettet.

Lærar, tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, Askvoll, er i statsråd i dag oppnemnd som leiar av eit offentleg utval som skal utgreie behov for å opprette eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen.

Utvalet skal ta for seg tilsynsoppgåver som er knytte til tryggleik på vegnettet. Arbeidet til utvalet bør avgrensast til utbygging, drift og vedlikehald av infrastrukturen, det vil seie vegsystemet, medrekna bruer og tunnelar.

Utvalet  skal såleis ikkje ta for seg tilsynsoppgåver som omfattar trafikantar og køyretøy, det vil seie tilsynsoppgåver som i dag er lagde til mellom anna trafikkstasjonane til Statens vegvesen, går det fram av mandatet for utvalet.

Utvalet skal innan utgangen av 2008 leggje fram innstillinga si, i form av ei offentleg utgreiing.

- Utgreiinga til utvalet vil vere eit viktig grunnlag for å sikre at organisering og ressursbruk skjer på ein måte som best mogeleg styrkjer tryggleiken på vegane, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.  

 

Medlemmer og sekretariat

Desse er oppnemnde som medlemmer av utvalet:

  • Lærar, tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, leiar, Askvoll
  • Avdelingsdirektør Inger- Anne Ravlum, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Oslo
  • Seniorrådgivar May Kristin Ensrud, Justis- og politidepartementet
  • Underdirektør Ingun H. Weltzien, Samferdselsdepartementet, Oslo
  • Assisterande vegdirektør Kjell Bjørvig, Statens vegvesen, Oslo
  • Fylkessekretær Bård Morten Johansen, Trygg Trafikk, Trondheim
  • Instituttsjef Lasse Fridstrøm, Oslo
  • Fylkesdirektør Hanne V. Søberg, Hedmark fylkeskommune, Løten
  • Regiondirektør Per Steinar Jensen, NHO, Nøtterøy
  • Distriktssjef Tor Nordstrøm, BNL (NCC), Narvik

Seniorrådgivar Thomas Ruud Sollien, Samferdselsdepartementet,  er sekretær for utvalet.

Til toppen