Historisk arkiv

Lovforslag: Bompengar kan nyttast til drift av kollektivtrafikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Inntekter frå bompengeordningar i storbyane bør nyttast på ein måte som betrar miljøet, kjem alle grupper av trafikantar til gode og fører til eit betre og meir samordna transportsystem, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om å endre veglova slik at bompengar kan brukast også til tiltak for drift av kollektivtrafikk.

- Inntekter frå bompengeordningar i storbyane bør nyttast på ein måte som betrar miljøet, kjem alle grupper av trafikantar til gode og fører til eit betre og meir samordna transportsystem.
 
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om å endre veglova slik at bompengar kan brukast også til tiltak for drift av kollektivtrafikk.

- Forslaget følgjer mellom anna opp tverrpolitiske ønske frå lokalt hald  i samband med ”Oslopakke 3”, som er eit samla opplegg for framtidig utbygging og drift av veg- og kollektivsystemet i Oslo-området, seier samferdselsministeren. 

Forslaget til lovendring er utforma med særleg sikte på å leggje til rette for eit meir miljøvennleg og effektivt transportnett i storbyområda, og det omfattar all former for rutegåande kollektivtrafikk, medrekna jernbane, sporvogn og tunnelbane. 

- Ein slik bruk av bompengar i storbyområda vil vere med på å styrkje kollektivtrafikken  og dermed redusere miljø- og helseproblem frå personbiltrafikken.  Mindre bruk av privatbil i storbyområda fører dessutan til betre flyt i vegtrafikken, noko som igjen kan minske transport- og distribusjonskostnadene for næringslivet. Ved å styrkje kollektivtrafikken og lette presset på vegkapasiteten, kan ein i framtida  unngå ein del kostbar og arealkrevjande vegutbygging gjennom bustadområde og verdfulle friluftsområde i storbyane, seier samferdselsministeren. 

I lovforslaget blir det vist til at bompengar først og fremst blir nytta til vegutbygging. Men etter gjeldande regelverk kan både statlege riksvegmidlar og bompengeinntekter nyttast til investeringar i infrastruktur for kollektivtransport, det vil seie faste anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk på veg og bane, medrekna sporveg og tunnelbane. Gjeldande regelverk gir dessutan heimel til å nytte bompengar til drift og vedlikehald av vegnettet.

Med det lovforslaget som no er lagt fram vil bruken av bompengar bli utvida til også å kunne omfatte drift av alle former for rutegåande kollektivtrafikk.

Til redaksjonen:

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er tilgjengeleg for ytterlegare kommentar og kan kontaktast via inforformasjonssjef Ivar Torvik, 22 24 81 08 eller 90 51 08 86