Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om:

Raset i Hanekleivtunnelen på E18 i Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Eg finn at rapporten frå Internrevisjonen ikkje er tilstrekkeleg til at eg - på ein grundig nok måte - kan orientere Stortinget om ansvarstilhøva. Eg vil difor gje eit eksternt miljø i oppdrag å undersøke styrings- og ansvarstilhøva i heile organisasjonen til Statens vegvesen når det gjeld denne saka.

Eg har i dag motteke ein rapport som er utarbeidd av Internrevisjonen i Statens vegvesen. Rapporten er offentleg tilgjengeleg og tek for seg mangelfull sikring av Hanekleivtunnelen på E18 og ettersikring av dei andre tunnelane på E18 i nordre Vestfold.

Rapporten er konsentrert om ansvarstilhøva i sjølve prosjektet og interne forhold i Statens vegvesen Vestfold. Rapporten omhandlar ikkje ansvarstilhøva i organisasjonen utover sjølve vegprosjektet. Rollene og ansvaret til Statens vegvesen i Vestfold og Vegdirektoratet er ikkje drøfta i rapporten.

Eg finn at rapporten frå Internrevisjonen ikkje er tilstrekkeleg til at eg - på ein grundig nok måte - kan orientere Stortinget om ansvarstilhøva. Eg vil difor gje eit eksternt miljø i oppdrag å undersøke styrings- og ansvarstilhøva i heile organisasjonen til Statens vegvesen når det gjeld denne saka.

Vegdirektør Olav Søfteland har bede om permisjon i den tida ei slik undersøking vert gjennomført, og assisterande vegdirektør Kjell Bjørvig vil inntil vidare leie Statens vegvesen.