Historisk arkiv

Utbetring av E39 Renndalen – Staurset bru: Kostar 274 millionar kroner, ferdig i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Utbetringa av E39 på strekninga Renndalen – Staurset bru vil føre til tryggare trafikk og meir effektiv transport på ein viktig del av ”Kyststamvegen”. Trafikantane vil få ein breiare og tryggare veg, med mellom anna lang færre avkøyrsler enn dagens veg.

- Utbetringa av E39 på strekninga Renndalen – Staurset bru vil føre til tryggare trafikk og meir effektiv transport på ein viktig del av ”Kyststamvegen”. Trafikantane vil få ein breiare og tryggare veg, med mellom anna lang færre avkøyrsler enn dagens veg.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det no er lagt fram ei orientering om forskottering, finansiering og gjennomføring av det 14 kilometer lange utbyggingsprosjektet frå Renndalen i Halsa i Møre og Romsdal til Staurset bru i Hemne i Sør-Trøndelag. Orienteringa er tatt inn i ein stortingsproposisjon som vart lagt fram i statsråd i dag.  

Utbetringa er rekna å koste i alt 274 millionar og vil bli finansiert ved løyvingar over statsbudsjettet. For å framskunde anleggsarbeidet vil fylkeskommunane Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag forskottere delar av dei statlege løyvingane, mot tilbakebetaling frå staten i 2009 og  2010. I tråd med vedtak i dei to fylkeskommunane og med tilslutnad frå Samferdselsdepartementet  skal Møre og Romsdal forskottere 60 millionar kroner, medan Sør-Trøndelag skal forskottere 40 millionar kroner. Anleggsarbeidet kan ta til i haust, og den nye vegen skal opnast for trafikk i 2010.

For fleire opplysingar – sjå:
St.prp. nr. 68 (2006-2007) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område