Historisk arkiv

”Vegpakke Salten fase 1”:

Utbygging kostar 550 millionar kroner, startar i haust

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Vegutbygginga i Salten vil føre til tryggare trafikk, kortare reisetid og færre som er utsette for miljøplager frå vegtrafikken. Innkorting og omlegging av dagens veg, bygging av gang- og sykkelvegar og andre tryggings- og miljøtiltak, startar i haust.

- Vegutbygginga i Salten vil føre til tryggare trafikk, kortare reisetid og færre som er utsette for miljøplager frå vegtrafikken. Innkorting og omlegging av dagens veg, bygging av gang- og sykkelvegar og andre tryggings- og miljøtiltak, startar i haust. Utbygginga vil ha mange positive verknader for folk og næringsliv i  Bodø og i heile Salten. Lokale styresmakter, organisasjonar og mange einskildpersonar fortener ros for eit sterkt engasjement og avklaringar som sikrar at arbeidet kan kome raskt i gang.

Dette  seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av  ”Vegpakke Salten fase I” i Nordland. Forslaget omfattar i hovudsak dei to prosjekta riksveg 80 Røvika – Straumsnes i Fauske kommune og riksveg 17 Tverlandet – Godøystraumen i Bodø kommune. I tillegg inngår to mindre tiltak på riksveg 80, ved Mjøneskleiva i Bodø og på strekninga Stranda -  Klungset i Fauske.

”Vegpakke Salten fase 1” har eit samla kostnadsoverslag på 551 millionar kroner, som er fordelt slik:

  • 299 millionar kroner gjeld stamvegprosjektet Røvika – Strømsnes, på riksveg 80 mellom Bodø og Fauske. Prosjektet omfattar omlegging av vegen nord for dagens veg og fører til ei innkorting på 6,2 kilometer. Det blir bygd 5,9 kilometer ny veg parallelt med jernbanen mellom Røvika og Strømsnes. Nærmast Strømsnes blir det bygd ein to kilometer lang tunnel. Anleggsarbeidet skal etter planen ta til sommaren 2008, med sikte på at den nye vegen skal opnast for trafikk i 2010.
  • 231 millionar kroner skal nyttast til prosjektet riksveg 17 Tverlandet – Godøystraumen i Bodø kommune. Prosjektet omfattar omlegging av riksveg 17 aust for dagens veg. Det skal byggjast åtte kilometer veg i ein ny trase, noko som fører til ei innkorting på om lag ein halv kilometer, samanlikna med dagens veg. I prosjektet inngår to tunnelar, den lengste er på 1,3 kilometer. Anleggsarbeidet skal ta til hausten 2007, og den nye vegen skal opnast for trafikk hausten 2009.
  • 21 millionar kroner gjeld to mindre tiltak på riksveg 80, fordelt med 11 millionar kroner til utbetring ved Mjøneskleiva i Bodø og 10 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelveg og andre utbetringar på strekninga Stranda – Klungset i Fauske.

I tråd med lokale ønske og vedtak skal utbygginga ”Vegpakke Salten”  finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.

”Vegpakke Salten fase 2”

I forslaget frå regjeringa blir det vist til at ”Vegpakke Salten fase 2” vil omfatte tiltak som gjeld inn- og utfart  i Bodø sentrum og utbetringar av særleg ulukkesutsette  strekningar og punkt på riksveg 80. - Eventuell prioritering av ” fase 2” vil bli behandla i samband med neste rullering av Nasjonal transportplan, går det fram av forslaget .

Til redaksjonen:

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er tilgjengeleg for intervju og  kommentar og kan kontaktast via informasjonssjef Ivar Torvik, tlf. 22 24 81 08  eller informasjonsrådgjevar Guro Steine, tlf. 22 24 81 23

For fleire opplysningar og kartskisse – sjå:

St.prp nr. 61 (2006 – 2007) Om utbygging og Finansiering av riksveg 17 Tverlandet – Godøystraumen og riksveg 80 Røvika – Strømsnes i Bodø og Fauske kommunar i Nordland (Vegpakke Salten fase 1)