Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Tidlegare opning av E18 i Vestfold

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Etter forhandlingar har Statens vegvesen og Skanska blitt einige om å opne strekninga mellom Langåker og Bommestad på E18 gjennom Vestfold før sommarferien 2009. - Eg er svært glad for denne avklaringa. Ei tidlegare opning av strekninga vil gi positive effektar knytte til både trafikktryggleik og framkome, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Den opphavlege opninga var planlagt til hausten 2009. Den endelege opningsdatoen blir fastsette etter jul, men målet er å opne før ferietrafikken set inn.

Avtalen byggjer på den gjeldande kontrakten, som er gitt ei tilføying i samsvar med den semja som no er oppnådd.

Kostnaden på den forserte opninga er 8,9 millionar kroner, og består av entreprenøren sine forseringskostnader og innsparingane til Statens vegvesen.

Les meir om prosjektet på nettsidene til Statens vegvesen.

Til toppen