Historisk arkiv

Nasjonal transportplan: Meir enn dobla sykkelsatsing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Nasjonal transportplan 2010-2019

- Regjeringa vil gjere det enklare og tryggare å nytte sykkel som framkomstmiddel. Fleire folk på sykkel er bra for folkehelsa, miljøet og gjev betre framkost i trafikken. Difor vil regjeringa tredoble den statlege investeringsinnsatsen i høve til gjeldande transportplan. Skulevegane må sikrast spesielt slik at det er trygt å kome til og frå skulen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa vil gjere det enklare og tryggare å nytte sykkel som framkomstmiddel. Fleire folk på sykkel er bra for folkehelsa, miljøet og gjev betre framkost i trafikken.

- Difor vil regjeringa tredoble den statlege investeringsinnsatsen i høve til gjeldande transportplan. Skulevegane må sikrast spesielt slik at det er trygt å kome til og frå skulen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Berre langs det statlege vegnettet skal det byggjast 500 km nye gang- og sykkelanlegg i perioden, halvparten i byar og tettstadar. I tillegg trappar ein opp  arbeidet  med å få kommunar og fylka til å styrkje arbeidet med å utvikle samanhengjande hovudnett for sykkeltrafikken. Sykling skal bli ei viktigare transportform i Noreg.

Statens vegvesen skal i samarbeid med kommunane arbeide for at 50 prosent av alle byar og tettstader med meir enn 5 000 innbyggarar skal ha ein plan for eit samanhengande hovudnett for sykkeltrafikken i løpet av 2009.

Samferdselsdepartementet vil ta initiativ til at det i fellesskap med lokale styresmakter vert etablert eit system i form av ein såkalla sykkelrekneskap. Der staten går inn med vesentlege midlar vil det bli stilt krav om at kommunar og fylke følgjer opp sin del av planane.

Samferdselsdepartementet ser at satsinga på sykkelbyar gir gode resultat og går inn for at ordninga vert utvida til å gjelde  fleire byar i samarbeid med fylkeskommunar og kommunar. Ved tildeling av midlar til dømes  frå belønningsordninga, vil Samferdselsdepartementet leggje vekt på kommunar og fylkeskommunars vilje til å satse på meir syklande og gåande.

Dersom ein tek utgangspunkt i at inntil to kilometer er akseptabel gangavstand til arbeid, viser undersøkingar at 25 prosent av dei yrkesaktive har arbeidet sitt innanfor slik gangavstand. Dette viser at langt fleire kan gå eller sykle til arbeid, enn dei som gjer dette i dag. Meir enn femti prosent av dei daglege reisene for bilførarar og passasjerar, er kortare enn fem kilometer. Skilnadene i dagleg sykkelbruk mellom ulike byar i Noreg er stor.

I Trondheim blir sykkel brukt på om lag 9 prosent av dei daglege reisene, i Oslo 4,5 prosent, i Bergen på 2,7 prosent av reisene. I nabolanda våre  er sykkelbruken langt høgare. Dette viser det store potensialet som ligg i å redusere bruken av bil, ved å leggje til rette for gåande og syklande.

  • St.meld. nr. 16 (2008-2009) - Nasjonal transportplan 2010-2019 er tilgjengeleg frå kl 11:45
  • Fleire pressemeldingar om NTP 2010-2019 på temasida om Nasjonal transportplan