Historisk arkiv

Planlegging av E6 er i gang

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Innlegg av statssekretær Steinulf Tungesvik

Planlegging av E6 er i gang

Innlegg av statssekretær Steinulf Tungesvik (Sp), Samferdselsdepartementet

Publisert i Gudbrandsdølen Dagningen 21.09.06

Høgre-leiar Erna Solberg etterlyste i GD 6. september midlar til planlegging av E6 i Gudbrandsdalen. Solberg hadde ikkje høyrt noko om midlane. Det er kanskje ikkje så farleg så lenge Statens vegvesen, som skal gjennomføre planlegginga, både har høyrt om dei, fått dei sette av i budsjettet allereie no i 2006, og er i gang med å bruke dei.

Som lesarane er kjende med varsla samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) 15 mill kr til føremålet i samband med eit møte i Sør-Fron i mai. Bakgrunnen var at det er store investeringsbehov på vegstrekninga, og at Navarsete sit i ei regjering som prioriterer vegutbygging. Den regjeringa Erna Solberg sat i fann ikkje grunn til å løyve ei einaste krone til prosjektet, og gjennom sin Nasjonal Transportplan 2006-2015 la Solbergs regjering opp til at det ikkje skulle investerast på strekninga dei næraste 10 åra.

Polemikk i spaltene med Erna Solberg er ikkje viktig. Det viktige er å levere resultat som tener trafikantane. Den raud-grøne regjeringa har som mandat frå veljarane bl.a. at vi skal løfte satsinga på investeringar og vedlikehald av vegane våre til eit langt høgare nivå enn slik det har vore dei siste 10 åra. Det er vi i ferd med å gjere, og det å setje i gang grunnlagsarbeidet på den ulukkesutsette E6 i Gudbrandsdalen er eit av mange utslag av det.