Historisk arkiv

ITS i transportpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete, ITS konferansen 2007

ITS kan spele ei rolle for å nå måla om trafikktryggleik, miljø, regional utvikling, effektivitet og tilgjenge innanfor heile transportsektoren. ITS vil i desse samanhengane vere eit hjelpemiddel for brukarar av transport, transportørar og styresmakter.

Telenor EXPO, Fornebu, 13. februar 2007

Takk for invitasjonen til å delta på ITS Konferansen 2007.

Som samferdselsminister møter eg ofte kravet om meir pengar. Og meir pengar er det blitt… Men det handlar òg om å gjere ting smartare: Auka effektivitet i logistikkjeda og reduserte avvik i alle ledd gjer oss meir igjen for pengane.

Mange tiltak er viktige og staten spelar ei sentral rolle: Vi sørgjer for utbygging av betre infrastruktur – både for veg og bane, vi bidrar til å stimulere til forsking om mellom anna ITS, og i tillegg er staten ein viktig etterspørjar etter nye teknologiske løysingar som til dømes køfri-system og felles billetteringssystem for ferjer. 

Løft i løyvingane til samferdsel

Lat meg først gjere greie for korleis regjeringa sin ambisiøse transportpolitikk har gitt seg uttrykk i statsbudsjett for 2007. For første gong er vi oppe på nivået til NTP-ramma.

For 2007 har regjeringa auka løyvingane til samferdselsføremål med 2,1 milliardar kroner, til i alt 23,6 milliardar kroner. Dette er ein auke på om lag 10 prosent og 2,5 milliardar meir enn forslaget til statsbudsjett for 2006 frå den førre regjeringa. Budsjettet gir eit kraftig løft i løyvingane til både veg og jernbane.

Regjeringa har prioritert vedlikehalds- og utbyggingstiltak som fører til tryggare, meir effektiv og miljøvennleg transport i heile landet. Med ein auke i løyvingane til samferdsel på om lag 10 prosent har regjeringa prioritert tiltak som gir betre framkomst i tettbygde strok og tiltak som reduserer avstandskostnader og betrar transporttilbodet for folk og næringsliv i distrikta.

Innanfor løyvingane til veg og jernbane er det lagt stor vekt på å sikre rasjonell framdrift for prosjekt som alt er komne i gang eller som skal starte i 2007.

Eg er særs oppteken av ein mest mogleg effektiv bruk av dei store ressursane som nyttast i samferdselssektoren. Avgjerande for meir effektiv bruk er utviklinga av ITS og IKT (Informasjons- og kommunikasjonsteknologi) i transportsektoren.

Intelligente transportsystem

Eg er glad for å kunne vere her i dag. Intelligente transportsystem er eit sentralt og omfattande verkemiddel for å nå måla i norsk samferdsel.  Eg vil sjå bruken av ITS i samband med Soria Moria-erklæringa, Nasjonal transportplan, Samferdselsdepartementet sin strategi for ITS og Forskingsprogrammet for transportar i næringslivet og ITS (Intelligente transportsystem og tenestar).

Denne regjeringa ønskjer å byggje landet og ta heile landet i bruk. Samferdsel er ein viktig føresetnad for busetting, næringsutvikling og ressursutnytting i Noreg. Det er ei hovudutfordring å utvikle eit transportsystem som gir god framkomst, betre miljø og stor trafikktryggleik.

Regjeringa legg i Soria Moria-erklæringa vekt på å utvikle ein transportpolitikk som tek vare på næringslivet sine transportbehov i alle delar av landet. I den samanheng er ITS eit særs viktig verkemiddel. Knytt til Nasjonal transportplan har Samferdselsdepartementet ein strategi for bruk av IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi) i transportsektoren.

Norsk næringsliv har store utfordringar med lange transportavstandar til marknadene. Transportkostnadene er høge samanlikna med mange andre land, særleg for næringslivet i distrikta. Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for rimelege, pålitelege og effektive transportar.

Soria Moria og ITS

Regjeringa vil leggje auka vekt på langsiktige og føreseielege vilkår som styrkjer verdiskapinga i alle delar av landet.

Soria Moria: ”Hovedmålene i samferdselspolitikken skal være økt trafikksikkerhet, en mer miljøvennlig transport, regional utvikling og et effektivt og tilgjengelig transportsystem for hele landet.”

ITS kan spele ei rolle for å nå måla om trafikktryggleik, miljø, regional utvikling, effektivitet og tilgjenge innanfor heile transportsektoren. ITS vil i desse samanhengane vere eit hjelpemiddel for brukarar av transport, transportørar og styresmakter.

Soria Moria: ”Vi vil fremme kultur for nyskaping og gründervirksomhet. Vi vil ha et samspill mellom næringsliv, offentlig sektor og forskningsmiljøer.”

ITS vert ein arena for nyskaping og gründerverksemd og legg tilhøva til rette for ITS og gründerverksemd og på andre arenaer. Ein føresetnad for vellukka ITS er eit samvirke mellom næringsliv, styresmakter og forsking. Nett det er strategien til Samferdselsdepartementet og til ITS Norge. 

Soria Moria: ”Innretningen på de offentlige budsjetter skal bidra til å styrke landets samlede konkurranseevne, særlig gjennom satsing på utdanning, forsking, samferdsel og gjennom aktiv næringspolitikk.”…….. ”Regjeringen vil øke satsingen på samferdsel i tråd med Stortingets vedtak under behandling av Nasjonal Transportplan.”

I 2007 er vi på nivå med ramma i Nasjonal transportplan,  på veg og bane for første gong i NTP si historie. Men vi treng og andre verkmiddel enn investeringar i og vedlikehald og drift av infrastruktur, vi treng til dømes betre informasjon og samordning mellom ulike transportmiddel. Vi treng òg utvikling av ITS. Utvikling som ITS Norge driv saman med transportstyresmakter, forskingsmiljø og næringsliv.  

Soria Moria: ”For å lette overgangene mellom de ulike transportformer, må det satses mer på godt utbygde knutepunkter”

Budsjettet for 2007 prioriterer investeringar i terminalar og tiltak for auka kapasitet. Utviklinga av multimodal ITS gir ei meir effektiv handsaming i knutepunkta.

Førebels hovudmål  i arbeidet med  Nasjonal transportplan 2010 – 2019  og ITS som middel

I arbeidet med NTP har vi gitt transportetatane og Avinor ein målstruktur å arbeide etter. Endeleg målstruktur blir fastsett i Stortingsmeldinga om NTP og i Stortingets si handsaming av denne.

Hovudmål: Betre framkomst og reduserte avstandskostnadar i og mellom regionar for å fremja busetnad og utvikling av næring i alle regionar. Middel: ITS kan gje auka  kapasitetsutnytting , meir punktleg og raskare  transport. ITS bidrar til detaljert datainnsamling. Det gir høgare kvalitet på grunnlagsdata og dermed sikrare framtidig planlegging. Bruk av informasjonssystem og betalingssystem i eit multimodalt samvirke gir sikrare tenester både i person- og godstransport.

Transportlogistikk med ITS gir meir visse når det gjeld utviklinga framover for næringsliv, produksjonsbedrifter og tenesteytarar i alle område av landet.

Hovudmål: Færre drepne og hardt skadde i vegtrafikken og fortsett høg tryggleik i andre transportformer. Middel: ITS kan bidra til færre alvorlege ulukker. ITS-verkemiddel som intelligente  infrastruktur, styring, overvaking og førarstøtte er effektive tryggleikstiltak.

Hovudmål: Eit meir miljøvenleg transportsystem. Middel: ITS kan gje effektive løysingar med utnytting av vognmateriell, optimale ruteval og betre flyt. ITS legg til rette for at ein til einkvar tid kan velje det mest miljøvenlege transportalternativet.

Hovudmål: Eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle og som gjer det mogleg å leve eit aktivt liv. Middel: ITS etablerer samordning av informasjon om det totale transporttilbodet. Samordna betalings- og billettsystem bidrar til forenkling for brukarar.

I sum: ITS er eit godt verkemiddel for å nå politiske mål!

Regjeringa sin strategi for ITS:

  • Samordna og målretta bruk av ITS innanfor regjeringa sin transportpolitikk. Som eg har vist, kan ITS bidra i alle delar av transportpolitikken.
  • Leggje til rette for auka kunnskap om ITS, mellom anna om korleis ITS kan styrkje  konkurranseevne og verdiskaping i næringslivet. Dette vert mellom anna gjort av ITS Norge ved denne ITS konferansen, og av Samferdselsdepartementet gjennom finansiering av forsking og utgreiing på området.
  • Klarleggje rolle- og ansvarsdeling mellom offentleg og privat sektor for ein effektiv bruk av ITS. Regjeringa la i januar 2007 fram stortingsmeldinga ”Eit informasjonssamfunn for alle”. Samferdselsdepartementet har sett i gang prosjektet ITS og transport. Det vil kartleggje ansvar for  og effektar av ITS. Prosjektet vert utført i samarbeid mellom TØI og SINTEF.
  • Synliggjere viktige satsingsområde innanfor ansvarsområdet til departementet og underliggjande etatar. Det vert gjort i arbeidet med Nasjonal transportplan.
  • Bidra til samordning mellom transportetatane. Etter ønske frå Samferdselsdepartement og Fiskeri- og kystdepartementet har Avinor, Jernbaneverket, Kystverket og Statens vegvesen utarbeidd ” Multimodal samarbeidsplan - Intelligente transportsystemer og tjenester (IKT i transportområdet) ”

Shortsea XML – eit døme på multimodal ITS

Meir gods på sjø er ei politisk målsetting, både i EU og Noreg. Det er kostnadskrevjande å møte utfordringane som følgjer av målet om å redusere transportkostnadane til næringslivet. Ambisjonsnivå og prioritering av tiltak må avvegast mot kva ein oppnår med innsatsen. Prioriteringane må og sjåast i forhold til nasjonale mål for konkurranseevne og busetting. Det er naudsynt å sjå alle delar av samferdselspolitikken i samanheng.

Eit verkemiddel er det europeiske Marco Polo-programmet, der Noreg deltek. Programmet skal fremje meir miljøvenlege transportar, mellom anna ved å leggje til rette for transportar på sjø, bane og indre vannvegar. Multimodal ITS forenklar kommunikasjon mellom ulike transportmidlar og legg med det til rette for kombinerte transport og ikkje berre transport med bil.  Noreg, ved NorStella - Shortsea Promotion Centre Norway, leiar Marco Polo-prosjektet Shortsea XML. (XLM = eXtensible Markup Language, eit produkt utvikla i Noreg.) Shortsea XML inneber at ein tar i bruk ein moderne meldingsstandard for sjøbaserte intermodale transportar, mellom anna ved å leggje til rette for kombinerte transportar på sjø og bane.

Samferdsledepartementet har støtta Shortsea XLM-prosjektet som er eit godt døme på resultat av norsk kompetanse og internasjonalt samarbeid om multimodal ITS.

”Næringslivets transporter og ITS”

Avdelingsdirektør Eirik Normann frå Forskningsrådet gjorde greie for forskingsprogrammet ”Næringslivets transporter og ITS”  i sitt innlegg tidlegare i dag.

I oktober i fjor hadde eg glede av å lansere dette forskingsprogrammet som startar no i år.

For 2007 har Samferdselsdepartementet løyvt 20 millionar kroner, Fiskeri- og kystdepartementet 1 million kroner og Nærings- og handelsdepartementet 0,7 millionar kroner.

Eg vil freiste å halde dette nivået i programperioden, som varer fram til og med  2013. I tillegg reknar ein med om lag 10 millionar kroner frå næringslivet kvart år. Totalt vil dette bety minst 200 millionar kroner til forsking på ITS i transport. Eg tykkjer det er positivt at næringslivet òg er oppteken av å skaffe meir kunnskap om kva ITS betyr for verdiskapinga.

Eg har stor tru på at programmet vi gi  eit viktig kunnskapsløft og samstundes føre oss nærare hovudmåla for programmet.

Dei overordna måla for forskingsprogrammet er:

  • Lågare avstandskostnader for næringslivet
  • Overføring av godstransport frå veg til både sjø og bane 
  • Smartare transporter som er sikrare, meir miljøvenleg og meir effektive.

Nytte dei einskilde transportformene sine fortrinn og betre samspillet mellom transportformene, nytta kunnskap frå forskingsprogramma LOGITRANS og PULS.

Eg vonar at nokon i salen er opptekne med førebuing til søknadar. Ny frist for søknader er 18. april.  Eg ønskjer lukke til og ser fram til at resultata kjem!

Avslutning

Eg vil gjerne takke for meg og håper at eg har synleggjort at transportane til næringslivet er viktig for oss. Eg voner eg i mi første tid som samferdselsminister gjennom konkret handling tydeleg har vist at regjeringa har eit engasjement for å sikre transportbehovet til næringslivet.

Det er viktig med god dialog og nært samarbeid mellom næringslivet, styresmakter og forskarar. Eg har i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan mellom anna sett i verk ein formalisert dialog med næringslivet. ITS vil vere eit viktig tema i denne dialogen. Saman kan vi få til betre løysingar som både gjer at vi når måla i regjeringa sin transportpolitikk og til effektiviseringar og betre resultat for næringslivet – ein vinn-vinn-situasjon!