Historisk arkiv

Meir tilgjengeleg togtransport - for alle

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Innlegg av samferdselsminister Liv Signe Navarsete (SP), Aftenposten 11.02.2007

Aftenposten har i det siste hatt oppslag der det blir hevda at det i ein ny fireårig avtale mellom staten og NSB ikkje er tatt inn krav om å gjere persontog meir tilgjengeleg for reisande som er rørslehemma. Framstillinga er ikkje i samsvar med innhaldet i avtalen.

Oppslaga har – forståeleg nok - ført til reaksjonar frå fleire hald. Eg vil difor gjere merksam på følgjande:

I den nye rammeavtalen er det – for første gong – slått fast at togtilbodet skal utformast slik at flest mogleg kan nytte tilbodet på ein ordinær og likeverdig måte. Dette er eit ambisiøst mål, som alt har gitt resultat: NSB er i gang med oppgradering av eksisterande materiell, og det blir no gjennomført tilpassingar som vil gjere toga meir tilgjengeleg for dei som er rørslehemma. Dei fleste togsetta som no blir oppgraderte og ombygde vil få løysingar som gjer at denne gruppa av reisande vil få eit tilbod med ein standard på line med det som i dag er tilfelle for Gjøvikbanen. Eg har notert meg at Aftenposten omtalar det nye tilbodet på Gjøvikbanen som ei klar forbetring, og avisa har også eit intervju med ein rullestolbrukar som er svært nøgd med standarden på denne banen.

I avtalen mellom staten og NSB er det sett av 100 millionar kroner til oppgradering av togmateriell for å gjere toga meir tilgjengeleg for alle.

Målet om universell utforming vil mellom anna seie at ein rullestolbrukar ved eigen hjelp skal vere i stand til å komme seg av og på toget. Eg medgir at det enno er langt fram til at dette er mogeleg. Dette er ei stor og krevjande oppgåve, og eg gav i fjor haust Jernbaneverket i oppdrag å vurdere tiltak for korleis ein kan nå fram til målet om universell utforming. NSB og organisasjonane til dei rørslehemma vil også bli trekte med i dette arbeidet.

Sjølv om det i dag ikkje er heilt klare definisjonar og detaljerte standardar for universell utforming av jernbanemateriell, er hovudprinsippa klare. I rammeavtalen mellom staten og NSB er det difor slått fast at NSB skal leggje til grunn desse prinsippa. Før det blir tatt avgjerder om større investeringar skal dessuten alle forhold som gjeld universell utforming leggjast fram for ”Kontaktgruppa for funksjonshemma på tog”.

I arbeidet for å gjere toga meir tilgjengeleg bør vi halde fram langs to liner: For det første må vi gjennomføre tilpassingar i dagens tog og infrastruktur. Samtidig må vi gå meir grunnleggjande til verks. Omsynet til universell utforming skal innarbeidast i  utforming av nytt materiell og i planlegging og utbygging av ny infrastruktur.