Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministeren til Japan, Myanmar og Laos

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg besøkjer Myanmar 3. – 4. november, der han blant anna skal opna Noregs nye ambassade-kontor i landet. I tillegg deltek statsministeren på Asia-Europa-toppmøtet (Asem) i Laos 5. november, i samband med at Noreg tidlegare i år vart med i dette samarbeidet.

Statsministeren besøkjer Asia 1. – 5. november. Opplegget for besøket ser slik ut:

1. – 3. november: Japan. Sjå tidlegare pressemelding om besøket til Japan.
3. – 4. november: Myanmar. Me kjem tilbake til detaljane i programmet.
5. november: Laos.

Praktiske detaljar:
Journalistar som vil delta på statsministerens reise i Asia må sjølv ordna visum. Det er behov for presseakkreditering til Asem-toppmøtet, sjå informasjon frå utanriksdepartementet i Laos.

Me ber om at presse som ønskjer å delta på statsministerens reise i Asia melder seg på til smkinfo@smk.dep.no innan måndag 15. oktober 2012.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.