Historisk arkiv

Oppfylte 750 år gamal draum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Allereie for 750 år sidan ba prinsesse Kristina av Tunsberg mannen sin om å byggje eit kapell til ære for Olav den Heilage i Spania. Først sist søndag stod det klart finansiert med hjelp av norske EØS-pengar.

Foto: Pablo López Aguado


Allereie for 750 år sidan ba prinsesse Kristina av Tunsberg mannen sin om å byggje eit kapell til ære for Olav den Heilage i Spania. Først sist søndag stod det klart finansiert med hjelp av norske EØS-pengar.

Kapellet ligg omlag to timars køyretur nord for Madrid i den lille landsbyen Covarrubias. Opninga vart feira av ei rad offisielle representantar frå Spania og Noreg, samt over 1300 entusiastiske tilskodarar.

Kulturministar Anniken Huitfeldt la vekt på den gleda nordmenn i Spania har av Spanias rike kulturarv. I innlegget sitt understreka ho også potensialet for samarbeid med utgangspunkt i St. Olavs-kapellet og EØS-midlane.

Men draumen om kapellet går altså fleire hundre år tilbake i tid. Prinsesse Kristina var dotter av Håkon Håkonsson. Han gifta bort dottera til prins Felipe av Kastilja for å styrke dei diplomatiske forbindelsane. Prinsen var broren til kong Alfonso X, og giftarmålet i 1258 starta eit nytt felles kapittel i spansk og norsk historie. Eit kapell vart det imidlertid ikkje noko av.

Men draumen ble aldri gløymt og er i nyare tid plukka opp av Prinsesse Kristinastiftelsen. Stiftinga fremjar kulturaktivitetar mellom Spania og Noreg og har stått i spissen for bygginga av kapellet.

Formen på kapellet er ei vidareutvikling av den enkle pre-romanske kyrkjestrukturen. Det skal nyttast som arena og møteplass på tvers av kulturelle og religiøse grenser. Inne er det plass til omlag 150 personar, medan utandørsarealet har kapasitet til inntil 800 tilskodarar.

Bygginga er støtta med omlag 3,2 millionar kroner i EØS-middel. Dette utgjer bortimot 40 prosent av byggekostnadene. Lokale spanske styresmakter og ei rad spanske og norske bedrifter er blant dei andre bidragsytarane.

Med prinsesse Kristina og den historiske tilknytinga mellom Spania og Noreg, er St. Olavs-kapellet eit viktig døme på korleis EØS-midlane kan brukast til å fremje kultursamarbeid.

Stiftinga og Covarrubias kommune, som forøvrig er vennskapsby med Tønsberg, er ansvarlege for drifta av kapellet framover.