Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Høyringsbrev — Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har som målsetjing at Noreg skal bli eit leiande land innan miljøretta utviklingssamarbeid. Målsetjinga byggjer på den erkjenninga at miljø og livsvilkår for fattige heng nøye saman. Den handlingsplanen som no blir send på høyring, er eit viktig ledd for å oppnå dette.

Utanriksdepartementet tok til på revisjonen av departementets ”Strategi for miljørettet utviklingssamarbeid” (1997-2005) hausten 2004 med sikte på å vere ferdig med arbeidet i 2005. I mellomtida bad Stortinget UD om å utarbeide ein handlingsplan for ”den samlede miljøinnsatsen i norsk utviklingssamarbeid, for å sikre en mer systematisk gjennomføring av denne delen av bistandsinnsatsen” (ref. Innst.S.nr.93, der Stortinget sluttar seg til Stortingsmelding nr. 35).

Utanriksdepartementet har i samband med utarbeidinga av planen gått inn for ein breitt opplagd prosess for å styrkje den faglege basisen til planen, noko som kan medverke til å gjere han til eit effektivt styringsdokument. Alle partar som saka vedkjem, og andre interesserte, blir med dette oppmoda om å komme med kommentarar og synspunkt, både til innretninga og fokuset i dokumentet.

Departementet ønskjer seg mange gode og konstruktive innspel, også forslag til konkretiseringar.

Frist for å komme med innspel er 31.5.06.

Innspel kan sendast per e-post til [email protected], eller per brev til Utanriksdepartementet, Seksjon for miljø og berekraftig utvikling, Postboks 8114 Dep., 0032 Oslo. Hugs å merkje konvolutten ”Høyringsinnspel til Handlingsplan for miljørettet utviklingssamarbeid”.

Erik Solheim

Helen Bjørnøy