Erklæring frå EU-formannskapet i høve opninga av Den internasjonale straffedomstol (ICC) (10.03.03)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegne av Den europeiske union i høve opninga av Den internasjonale straffedomstol (ICC) (10.03.03)

Den europeiske union ønskjer velkomen Statspartsmøtet til ICC sitt val av dommarar til Den internasjonale straffedomstol i februar og den formelle opninga av straffedomstolen den 11. mars 2003 i Haag. Dette er ei bragd av stor tyding for det internasjonale samfunnet.

Den europeiske union stadfester på nytt at den forpliktar seg til ICC som eit viktig middel for å fremje respekt for internasjonal humanitærrett. Vi har stor tru på at ICC vil bli ein effektiv mekanisme, i stand til ikkje berre å kjempe mot straffefridom for dei grovaste internasjonale brotsverka, men også som ei kraftfull avskrekking mot utøvinga av slike brotsverk. Straffedomstolen vil slik bidra til å styrke rettsordenen og rettsstaten, samt bidra til å oppretthalde internasjonal fred og tryggleik i tråd med formålet og prinsippa i Pakta til Dei foreinte nasjonane.

Etter nærare ti års intenst arbeid, tar no endeleg ein langvarig draum for menneskeheita form.. Statspartane til Roma-vedtektene skal velje hovedanklagar og viseanklagarar under den andre gjenopptatte sesjonen til Statspartsmøtet i april 2003. Dette vil, saman med eit snarleg val av ein Justissekretær, fullføre opprettinga av ICC. På desse valde representantane sine skuldrer kviler det ærefulle ansvar å gjere ICC til den universelle, sterke, uavhengige og truverdige internasjonale rettsinstitusjonen som Diplomatkonferansen i Roma i 1998 såg for seg .

Den europeiske union stadfestar igjen si forplikting, som uttrykt i Rådets felles haldning av 11. juni 2001 med endringer av 20. juni 2002, til å gje full støtte til ei effektiv utøving av straffedomstolen og til å ivareta Roma-vedtektene sin integritet.

Vi er overtydd om at opprettinga av ICC vil oppmuntre endå fleire statar til å slutte seg til vedtektene, og slik ytterlegare styrke straffedomstolens universelle karakter, samt fullt ut gjennomføre føresegnene til Domstolen i deira nasjonale lovgjeving.

Dei tiltredande landa Kypros, Den tsjekkiske republikk, Estland, Ungarn, Latvia, Litauen, Malta, Polen, og Slovenia, dei assosierte landa Bulgaria og Romania samt EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, medlemmar av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), slutter seg til denne erklæringa.