Erklæring frå EU-formannskapet om Haiti (18.02.04)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Haiti (18.02.04)

Den europeiske unionen ser med stor uro på valdsutbrota i fleire provinsbyar i det siste. Unionen ber alle politiske krefter, utan unntak, om å avstå frå all former for valdeleg framferd.

Parallelt med den markerte forverringa i tryggingssituasjonen har det skjedd alvorlege brot på menneskerettar og demokratiske reglar. Den europeisk unionen beklagar sterkt at væpna bandar den 12. og 15. februar 2004 på ny hindra fredelege demonstrasjonar.

Den europeiske unionen minner om at president Aristide i Kingston den 31. januar 2004 godtok framlegget frå CARICOM til ein førebels handlingsplan. Vern om retten til å demonstrere på fredeleg vis var ein sentral del av denne planen.

Den europeiske unionen ser med uro på dei mange brota på den humanitære folkeretten. Unionen minner alle involverte om at dei pliktar å respektere personell, bygningar, køyrety og medisinsk utstyr. Raudekrossemblemet symboliserer dette vernet og må respekterast. Den europeiske unionen er fast overtydd om at denne krisa på Haiti må løysast på fredeleg vis ved å søkje dialog og kompromiss. Alle konstitusjonelle løysingar må vurderast. Særleg støttar Den europeiske unionen CARICOM-initiativet og oppmodar alle partar til å slutte opp om det. Unionen oppfordrar dei haitianske styresmaktene til å oppfylle tilsegnene frå president Aristide og å setje dei ut i livet i samsvar med tidsskjemaet som er avtala i handlingsplanen.

Dei tiltredande landa Estland, Kypros, Latvia, Litauen, Malta, Polen, Den slovakiske republikken, Slovenia, Den tsjekkiske republikken og Ungarn, søkjarlanda Bulgaria, Romania og Tyrkia, landa som er omfatta av stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, i tillegg til EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er med i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), sluttar seg til denne erklæringa.