Erklæring frå EU-formannskapet om Kviterussland etter trakasseringa av den uavhengige avisa Narodnaja Volja

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Kviterussland etter trakasseringa av den uavhengige avisa Narodnaja Volja

Den europeiske unionen er uroa for framtida til den uavhengige pressa i Kviterussland etter trakasseringa av den siste uavhengige dagsavisa som er att i landet, Narodnaja Volja. EU fordømmer den øydeleggjande bota som avisa er pålagt å betale, og oppseiinga av prente- og distribusjonsavtalane med dei statlege selskapa som har monopol på slik verksemd. EU seier seg lei for at media i stadig større grad vert kontrollerte av regjeringa og synest det er urovekkjande at folket i Kviterussland etter den siste utviklinga vil få enda mindre tilgang til frie og objektive reportasjar om det som skjer i landet.

EU oppmodar regjeringa i Kviterussland om å respektere det landet har forplikta seg til innanfor ramma av OSSE når det gjeld ytringsfridom og frie medium og fri informasjon, og gje dei uavhengige media høve til å operere fritt. EU oppmodar også informasjonsministeren om å møte EUs stasjonssjefar i Minsk for å diskutere situasjonen for media i Kviterussland.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.